Over 10 millionar til industrihistoria i fylket

Odda smelteverk, Salhus Tricotagefabrikk, Tyssedal kraftstasjon og Gamle Innvik ullvarefabrikk er blant dei tekniske og industrielle kulturminna som får støtte frå Vestland fylkeskommune i 2021.

foto av Tyssedal kraftstasjon
KRAFTHISTORIE: Tyssedal kraftstasjon, Tysso 1, opna i 1908 og ligg som eit slott inst i Sørfjorden i Hardanger. Kraftverket forsynte to fabrikkar i Odda med straum. Kraftanlegget var i drift fram til 1989 og vart freda i 2000. Kraftstasjonen er eitt av kulturminna som får tilskot etter tildelinga i hovudutvalet 28. april. (Foto: Vestland fylkeskommune)

Det var hovudutval for kultur, idrett og integrering som fordelte tilskota i møtet sitt 28. april.

– Vi har ei rik industrihistorie i fylket vårt, og industrien er ein stor del av identiteten til  Vestland. Det er mykje kraftindustri, men vi ser også at til dømes tekstilindustrien har vore sentral ulike stadar i fylket, i både nord og sør. Fellesskapet har ei viktig oppgåve i å ta vare på den felles tekniske og industrielle historia vår. Det er viktig å forstå korleis industrien har forma fylket vårt, og vi må sikre denne delen av historia og formidle ho til framtidige generasjonar, seier Stian Davies, leiar for hovudutval for kultur, idrett og integrering.

foto frå ei gate på smelteverkstomta i Odda
SMELTEVERKET: Odda smelteverk får til saman om lag 4,5 millionar kroner i støtte til ulike prosjekt. (Foto: Vestland fylkeskommune)

Dette er første året fylkeskommunen har ansvar for denne tilskotsordninga, då ho vart overført frå Riksantikvaren i samband med regionreforma. Det kom inn søknadar med ein samla søknadssum på over 60 millionar kroner.

Desse kulturminna får tilskot

Kulturminne og prosjekt

Søkjar

Tilskot 2021

Tilsegn 2022

Ne’fø sjøen Indre Ofredal

Indre Ofredal vener

400 000

 

Gangbruene på Soget

Hafslovatnet grunneigarlag

 

110 000

Veteranbussene i Hordaland

Hordaland veteranbussforening

 

200 000

Nes gardssag

Kåre Nes

60 000

90 000

Bjørkedalsdammen

Kvinnherad kommune

55 000

500 000

Odda smelteverk – forvaltning, drift og vedlikehald. Importkaien, Cyanamidfabrikken, Omn 3, Skalltaket

Snu på vegne av SNU og Ullensvang kommune

1 902 289

 

Odda smelteverk Importkaien

Ullensvang kommune

 

300 000

Odda smelteverk Omn 3

KML eiendom – SNU AS

820 000

450 000

Odda smelteverk Syanamidfabrikken

KML eiendom 2 – SNU AS

65 000

 

Odda smelteverk Lindehuset

Kraftmuseet

800 977

 

Odda smelteverk skalltaket

KML eiendom – SNU

720 000

 

Laksevåg verft Maskinverkstaden

Marin eiendomsutvikling

 

100 000

Salhus Tricotagefabrikk

Tekstilindustrimuseet – Museumssenteret i Hordaland

358 500

 

Salhus Tricotagefabrikk – forvaltning, drift og vedlikehald

Tekstilindustrimuseet – Museumssenteret i Hordaland

3 067 468

 

Tyssedal kraftstasjon – forvaltning, drift og vedlikehald

Kraftmuseet

1 077 050

 

Gamle Innvik ullvarefabrikk

Stiftelsen Gamle Innvik ullvarefabrikk

50 000

250 000

Sellevåg treskofabrikk

Magne Sellevåg

12 000

 

Odda smelteverk – forvaltning, drift og vedlikehald

KML eiendom – SNU AS – Ullensvang kommune

257 833

 

Salhus Tricotagefabrikk

Tricotagemuseet – Museumssenteret i Hordaland

364 536

 

Tyssedal kraftstasjon

Kraftmuseet

172 930

 

Totalt

 

10 183 583

2 000 000

 

Meir detaljert informasjon finn du i