– Mange industrianlegg er viktige kulturminne. Ny bruk av dei historiske industrianlegga gir nye moglegheiter, for eksempel innan reiseliv, seier riksantikvar Hanna Geiran i ei pressemelding.
Blant kulturminna som har fått støtte, er Odda smelteverk, som mellom anna får tilskot til istandsetting av trefaseomnen Omn 3. Tilskotet er på 3.962.899 kroner, med tilsagn på 2.758.617 kroner i 2020.
- Les også: Smelteverkslunsj: – Det er mykje spanande som skjer på tomta, så dette var absolutt interessant
– I Odda står Omn 3 som eit landemerke, sentralt plassert i byen. I år får Odda smelteverk tilskot til istandsetting av trefaseomnen, som i si tid var verdas største og best utstyrte karbidomn. Det føreligg planar om å integrera Omn 3 i ny kollektivterminal i Odda. Dette prosjektet er eit samarbeid mellom Odda kommune, Hordaland fylkeskommune og Skyss, står det i pressemeldinga.
Tidlegare har Riksantikvaren bidratt til det store istandsettingsprosjektet for «Silo 113», Råcyanamidsiloen ved Odda smelteverk, som blei ferdigstilt i 2018.
Andre som får støtte er Rjukanbanen som skal sikre ferdigstilling av slippen på Tinnoset, Auli mølle i Akershus, saga i Indre Offerdal i Sogn og Fjordane, og luftfartøyet Gloster Gladiator 423 på Kjeller, der skroget på flyet skal bli sett i stand.