Gratis kvalitetsdataspel

Informasjonssida

Oppdatering 2009-07-08

Denne nettstaden er no offisielt lagt ned, eller i det minste lagt i koma. Eg vil ikkje komma med nokon nye omtalar framover. Dei gode nyheitene er at eg lèt alle dei gamle spelomtalane ligga oppe, og eg har sjekka og retta alle lenkjene, slik at det ikkje skal vera noko problem å lasta ned alle spela. Les gjerne òg historien bak Gratis kvalitetsdataspel, og send meg ein e-post om det er noko du lurer på.

Litt informasjon

Her vil eg presentera litt generell informasjon om nettstaden Gratis kvalitetsdataspel. Det er ei sida med oversikt over, og omtalar av, gode, gratis dataspel. I utgangspunktet er berre spel for Windows og DOS omtalt, men viss det finst versjonar for andre operativsystem tar eg òg med nedlastingslenkjer til desse versjonane.

Grunntanken bak sida

Internett flommar over av spelsider. Korfor ville eg laga ei til? Jo, det finst nok mange slike nettsider. Problemet er berre kvaliteten …

Det vil seia, sidene ser kanskje bra ut, og har mange spel. Men det er kvaliteten på spela som ikkje alltid er like god. Sjølv om det finst flust av gratis dataspel, er dei fleste av desse dårlige, eller iallfall «middelmådige». Nokre spelsider gjev karakterar til spela etter kor gode dei er. Dette er sjølvsagt flott, men det er likevel litt stress å leita gjennom 50 dårlige spel, berre for å finna eitt som har fått god karakter, og å leita gjennom 250 for å finna eit som har fått toppkarakter.

Ein annan negativ ting med mange spelsider er at dei òg tar med sokalla «shareware»-spel. Desse spela er ikkje gratis. «Shareware» er ein distribusjonsmåte for spel og anna programvare. Du får prøva spelet ein periode (ofte 30 dagar), og må so betala for å forsetta med å bruka det. Det er sjølvsagt ikkje alle som gjer dette! Derfor er det i dei fleste «shareware»-spel utelatt funksjonalitet. Dette kan for eksempel vera at spelet sluttar å fungere etter prøveperioden, eller at det manglar mange av bretta som finst i fullversjonen.

Slike «shareware»-spel kan sjølvsagt vera veldig bra, og mange er verdt å registrera (dvs. kjøpa). Men det er ikkje alltid so kjekt å få oversikt over slike spel når du leitar etter gratisspel. Spesielt når «shareware»-spela ikkje er merka som dette, kan det bli ei frustrerande oppleving.

Eg har komme over nokre utrulig bra og gratis spel på Internett, og vil at andre òg skal få gleda av desse. Derfor ville eg laga ei sida som berre tok for seg slike gratisspel, òg kalla «freeware»-spel.

Den viktigaste grunntanken bak sida er altså at spela skal vera veldig bra og heilt gratis. Eg har valt å produsera denne sida på norsk (nynorsk). Sida ville nok blitt vekke i den store flommen engelske spelsider, hadde eg valt å skriva ho på det språket. Dessutan synes eg det er viktig at det òg blir laga norske sider, helst med innhald.

Oppbygging og bruk av sida

Spela er som sagt delt inn i fleire kategoriar. Innanfor kvar kategori er dei sortert alfabetisk. Du kan raskt gå til kvar omtale ved å bruka speloversikta.

Kategoriane er ikkje gjensidig ekskluderande, og du kan soleis finna eitt spel i fleire kategoriar. Håpar dette gjer det lettare å finna fram til dei spela du er mest interessert i.

La oss ta eit eksempel. Du føler deg plutselig som ein komplett idiot, og har derfor lyst til å spela eit tenkespel for å bøta på dette. Då går du til Tenkespel-kategorien og finn eit spel der. Dette spelet kan innehelda action, men kan òg bestå berre av tenking/strategi. Viss du derimot er lei action-spel, går du til kategorien Actionfrie spel. Der finn du tenkespel som ikkje inneheld eit fnugg av action; dei har for eksempel ingen tidsgrenser eller liknande. Unntaket kan vera strategispela, men du kan vanligvis stilla kor fort tida skal gå i dei.

Har du ein nyare nettlesar, kan du halda peikaren over namnet til ein kategori (i kategorilista) for å få ei beskriving av han. Dette kan du òg gjera på alle ord og uttrykk med prikkete understreking.

I nyare nettlesarar vil spelomtalane vistast som to kolonnar. Den første kolonna inneheld sjølve omtalen, og den andre (høgre) kolonna inneheld informasjon om spelet. I den første kolonna finn du òg bilde av spelet. I nyare nettlesarar kan du trykka på desse for å forstørra og forminska dei. Informasjonen i neste kolonna består av versjonsnummer, namn og e-postadressa til forfattaren/-ane av spelet, og ei lenkja til heimesida til spelet eller forfattaren. So har du ei kort beskriving av spelet. Denne er berre meint for å gje deg ein liten idé om kva spelet handlar om.

Under dette finn du nedlastingslenkjer. Om du kan lasta ned spelet frå fleire plassar, har eg prøvd å få dette med (det går vanligvis raskast å lasta ned spel frå ein plass som er nær deg, for eksempel Sverige og ikkje USA). Viss spelet finst i fleire versjonar, eller fleire delar, har kvar versjon/del fått si eiga lenkja.

Av og til har eg omtalar av spel som på ein eller annan måte liknar på kvarandre. Då finn du lenkjer til desse under «Liknande spel».

Etter alt dette står ei oversikt over kva kategoriane spelet er plassert i. Desse er lenkjer til kategorisidene (som har oversikt over alle spela i ein viss kategori).

Nedlasting og bruk av spela

Eg rår deg til å bruka eit eiga nedlastingsprogram til å lasta ned spela. Sjølv brukar eg Star Downloader. Med dette kan du halda fram med å lasta ned filer sjølv om tilkoplinga blir mellombels broten. Du kan òg lasta ned ein del av ei fil ein dag, og resten ein annan dag.

Dei fleste spela er lagra i komprimerte ZIP-arkiv. For å spela dei må du fyrst pakka dei ut (dekomprimera dei). Til dette treng du eit program. WinZip er nok det mest brukte, men sjølv det gamle PkUnzip-programmet er brukbart. Dessverre er Winzip eit «shareware»-program som du berre kan bruka (lovlig) i 30 dagar. Eg vil heller anbefala UltimateZip, eit heilt gratis ZIP-program. Etter mi meining er dette faktisk mykje betre enn Winzip.

Omtalar gjennom e-post

Eg har oppretta eit nyheitsbrev du kan velja å få. Du finn eit skjema nedst på kvar side, der du skriv inn e-postadressa. Om e-postadressa er korrekt, vil du motta alle nye spelomtalar og informasjon om nye versjonar av spela gjennom e-post. Dette er ei ganske grei tenesta eg har inntrykk av mange set pris på. Omtalane blir sendt som rein tekst, so e-postprogrammet ditt treng ikkje støtta HTML.

Historikk

Ideen til sida, sjølve åndsproduktet, fekk eg våren 1999, etter frustrasjon av alle dei sidene med «gratis» dataspel, som berre inneheldt dårlige «shareware»-spel.

Eg bestemte meg då for å laga ei sida med oversikt over dei beste gratis dataspela ein kunne få tak i frå Internett. Denne sida ville eg skriva på norsk, eventuelt med engelsk versjon seinare (noko som sannsynligvis ikkje blir noko av).

Eg hadde tidligare funne nokre veldig gode gratis dataspel, som eg då skreiv omtalar av. Eg meiner det er litt viktig med (detaljerte) omtalar for å få veta om du vil like spela, og ikkje berre tolinjerskommentarar med lenkja til heimesida.

Sida vart registrert i diverse nasjonale og internasjonale søkemotorar, men eg mottok ingen respons på ho, bortsett frå litt tilbakemelding frå diverse bekjente. Eg er ikkje noko stor tilhengar av teljarar på nettsider, då desse ofte er unøyaktige og ikkje gjev eit godt bilde av dei besøkande. Men i ei nyheitsgruppe på Internett fekk eg høra om Extreme Tracker. Eg bestemte meg for å prøva denne, og vart positivt overraska over kor god statistikk han gav. Eg fekk no veta at folk faktisk besøkte sida, og eg fekk til og med sjå kva søkeord dei brukte for å koma der.

Dette gav sjølvsagt litt inspirasjon til å fortsetta å utvikla sida. Etter ei stund fekk eg òg registrert ho hos Kvasir. Etter dette steig besøkstalet kraftig. Når sida endelig vart flytta frå «Innkommende»-katalogen til den rette plassen, fekk sida endå fleire besøkande. Dette førte til at eg også registrerte sida hos Yahoo Norge. Sida er òg registrert i emnekatalogen Open Directory Project, samt i ein haug andre søkemotorar.

Den 18. juni 1999 vart spelsida plukka ut til Ukas utvalgte på Yahoo. Det var jo kjekt og gjorde nok ein del merksame på sida.

5. juli fekk eg laga ein midlertidig (og heller stygg!) logo. Den 9. juli fekk eg ein ny logo, laga av John Roger Taraldsen, som òg har skrive spelet Midnight Sunitaire. Mange takk til han for det! (Sjølv om eg ikkje brukar denne logoen lenger.)

Pynta til jul: I desember 1999 pynta eg litt til jul på sida med nokre vakre julebilde. Desse var henta frå CloudEight Stationary (med tillating).

Ved årsskiftet 1999/2000 kom det store endringar. Før dette, hadde alle omtalane vore på ei sida, med litt smart skripting som gjorde at ein kunne opna og lukka/skjula omtalane på ein enkel måte. Men etter ei stund var sida blitt veldig stor, og behovet for ei ny organisering av innhaldet meldte seg. Etter litt arbeid og eksperimentering vart resultatet eit omfattande kategorisystem, og skjermbilde frå dei fleste spela. Skjermbilda er vanligvis av høg kvalitet, so det kan ta ei stund å lasta dei ned. Men til gjengjeld gjev dei eit godt bilde (bokstavlig talt) av korleis spela verkelig ser ut. Ny grafisk utforming vart det òg, sjølv om eg eigentlig likte den gamle best …

Etter dette kom det ein ny omtale ca. kvar veke (noko som har forverra seg etterpå), og det meste såg ut til å fungera bra. Spela vart òg betre, etter som teknologien utviklar seg, med blant anna spel med avansert 3D-grafikk. Men spelbarheita er sjølvsagt framleis det viktigaste, og det er det som avgjer om spela får bli med på nettstaden. Som ein generell regel kan du seia alle spela på denne nettstaden garantert ville fått terningkast 5 eller 6 om eg hadde brukt eit slikt poengsystem.

Rundt årsskiftet 2000/2001 (ut på nyåret) hadde eg 45 omtalar, og det var blitt eit skikkelig strev å halda sida oppdatert. Skulle eg for eksempel endra litt på beskrivinga av eit spel, var det ofte mange andre sider som måtte endrast samtidig. Det var rett og slett håplaust å halda sida oppdatert, noko som gjorde det lite attraktivt å legga til nye omtalar, med alt det arbeidet dette innebar.

Løysinga kom, overraskande nok, med XML. Med dette språket kunne eg skilja innhaldet og presentasjonen totalt. No blir alle omtalane lagra i eit XML-format, i noko som tilsvarer ein database. Heile nettstaden blir so konstruert opp frå denne, ved hjelp av XSLT. Det har blitt veldig enkelt å gjera store forandringar på sida, og eg har prøvd å gjera ho finare, lettare å lesa, å bruka og å finna fram i.

2001-04-28 fekk eg endelig eit eiga domene. Nettstaden ligg trygt på https://www.gratis-kvalitetsdataspel.org/, der eg reknar med han vil bli liggande. Automatisk vidaresending frå den gamle adressa er sjølvsagt ordna med, so ingen lenkjer blir brotne.

Det er lett å bli lei utsjånaden på ein nettstad etter kvart, og 2002-07-02 bestemte eg meg for å gjera noko med dette. Ny utsjånad vart utforma, og nokre mindre, tekniske endringar gjort. Pussig nok likte eg den gamle utsjånaden betre, men det var uansett kjekt med litt variasjon.

Etter som tida gjekk, vart eg imidlertid veldig lei den «nye» utsjånaden. Eg gjekk derfor igang med ein ny og betre ein. 2002-12-20 var han ferdig, og eg var faktisk kjempefornøgd med han. Denne utsjånaden blir verande inntil vidare (med mindre endringar)! For øvrig er alle dei gamle utsjånadene tilgjengelig som alternative stilsett, som du enkelt kan bytta til i nyare nettlesarar.

Etter kvart gjekk det lenger og lenger tid mellom nye spelomtalar, og til slutt stoppa det nesten opp. Mangel på tid og entusiasme var hovudårsakene. Men eg prøvde iallfall å overraska lesarane mine (mange viss abonnerte på omtalane via e-post) med eit julespel eller to når det nærma seg julekvelden kvart år.

So, i februar 2005, var det heilt slutt. Ikkje offisielt, sjølvsagt; eg planla å legga til nye omtalar med tid og stunder. Men tida forsvann, og stundene kom aldri. Og etter kvart fekk eg andre interesser. Eg forkasta Microsoft Windows til fordel for Linux og fri programvare, og har aldri sett meg tilbake. Då var det heller ikkje serlig interessant å omtala Windows- og DOS-spel (sjølv om dei fleste omtalte spela faktisk fungerer utmerka under Linux med Wine og DOSBox, av og til betre enn på originalplattformene).

I juni 2009 bestemte eg meg endelig for å rydda opp, og offisielt legga ned nettstaden. Men eg syntest det ville vore veldig synd å fjerna han heilt frå Internett. Dette er ein nettstad som har følgt meg over mange år, og eg er ganske stolt over han. Dei tekniske løysingane er kjempebra, med mange fine detaljar, og både struktur- og innhaldsmessig er nettstaden veldig godt sett saman. Utsjånaden er faktisk ganske grei, han òg!

Nettstaden fekk framleis ein del besøk, og det hendte til og med at folk la til nye lenkjer til han. Og mange av spela eg har omtalt syntest eg framleis var heilt supre, og fortente å verta hugsa. Det var altso klart at eg ikkje kunna fjerna nettstaden fullstendig! Løysinga vart derfor ei melding på alle sidene om at han ikkje lenger vart oppdatert. Samtidig gjekk eg igjennom alle lenkjene, og retta opp dei som var brotne – det var ganske mange – og oppdaterte dei som vidaresendte meg til nye sider. Nokre spel var òg komne i nye versjonar, og eg sette derfor nedlastingslenkjene til å peika til dei nyaste versjonane (sjølv om det var dei eldre versjonane som var omtalte).

Planen framover er å la Gratis kvalitetsdataspel leva vidare, om enn med kunstig andedrått. Eg vil ikkje legga til nokon nye omtalar, eller gjera endringar i utsjånad, struktur eller innhald, men eg vil (nokre gongar i året) sjekka at alle lenkjene fungerer, og vil sjølvsagt retta opp eventuelle feil folk måtte melda frå om. Sånn håpar eg nettstaden kan halda fram å vera til nytte og glede for andre òg i framtida, slik eg veit han alt har vore i mange år, og for mange. (Er du ein av desse, vil eg setta pris på å høra frå deg.)

Til slutt, for dei som måtte lura: Det hender framleis eg tar meg eit spel, då det finst mange kvalitetsspel for Linux. Og sidan dei gjerne er fri programvare, har eg kunna omsett fleire av dei til nynorsk. Sånt likar eg! Elles har eg òg ein kjærleik til teksteventyr, ein sjanger som i høgste grad framleis er levande – han blomstrar!

Elles er det berre å følgja bloggen min om du er interessert i å sjå kva eg tek meg til for tida. Der har eg òg skrive ein liten artikkel om denne nettstaden.

Program brukt til å laga sida

Programma brukt til å vedlikehelda spelsida har endra seg med tidene. For dei historieinteresserte har eg ei oversikt over programma brukt til å utvikla sida med før:

For å laga sida brukte eg ulike program. Det viktigaste av desse var EditPad Lite. Dette er ei bra erstatning for Notisblokk som følgjer med Windows.

I tillegg til dette har eg brukt programmet HTML-Kit. Det er eit veldig bra kjeldeorientert HTML-redigeringsprogram, som ser ut til å bli betre og betre (framleis).

Eg har også brukt Tidy til å rydda opp i HTML-filene (slik at sidene vart gyldig og fin HTML). Tidy er forresten òg innebygd i HTML-Kit, nemnt ovanfor.

Eg hadde òg ei lita .BAT-fil som automatisk kopierte filene til eigne mapper før overføring og kjørte Tidy på desse. Til slutt kjørte ho òg Replace Text på filene for å rydda opp i forskjellige småting. Dette er eit program som erstattar tekst med annan tekst over fleire filer (veldig enkelt å bruka, men òg med avanserte funksjonar).

Alle programma eg har nemnt her var (og er) sjølvsagt gratis.

Men tidene har forandra seg, og no brukar eg som sagt XML. Som XML-prosessor brukar eg Saxon, som fungerer veldig bra, og kan spytta ut fleire filer på grunnlag av ei fil (alle omtale- og kategorisidene, samt førstesida, informasjonssida og feilmeldingssidene blir faktisk generert ut frå ei einaste fil!).

Det tekniske

Sluttforma til sidene er XHTML 1.0 Strict, ein relativt ny HTML-standard. Han går ut på at ein skal skilla mellom innhold og presentasjon. I staden for elementbasert formgjeving blir det brukt stilsett for å kontrollera utsjånaden. Dette gjer det enklare for både han som lagar sidene, raskare for dei som lastar dei ned og meir tilgjengelig for folk med ulike nettlesarar. For meir informasjon bør du besøka W3C, som utviklar standardane til HTML og CSS (overlappande stilsett).

I eldre nettlesarar som ikkje støttar stilsett, vil dessverre sida sjå heller kjedelig ut. Men innhaldet vil vera tilgjengelig, og det er etter mi meining det viktigaste.

Eg har brukt JavaScript på ulike plassar for å forbetre sida. Det meste av dette virkar dessverre berre i Microsoft Internet Explorer og i Firefox. Uansett, so har eg passa på å ikkje gjera sida avhengig av dette skriptet, og ho skal fungera fint i dei fleste nettlesarar.

Har du kommentarar, spørsmål eller kritikk (positiv eller negativ) vil eg gjerne høra om det.

 

Om nettstaden

Hei, hei! Her har eg laga ein liten nettstad med omtalar av 77 gratis PC-spel av høg kvalitet. Alle spela er heilt gratis og lovlige, altså ikkje «shareware» eller «abandonware». I tillegg er dei so gode at eg ikkje ville ha nølt med å gje alle terningkast 5 eller 6. På denne informasjonssida finn du meir informasjon om dette, samt mykje anna.

Innhald


Gratis kvalitetsdataspel-nettstaden er skriven og utforma av Karl Ove Hufthammer. Eg set alltid pris på kommentarar, kritikk og tips.

RSS-utgåva av denne nettstaden.