Fylket lurer på kjøp av Odda Smelteverk

Hordaland fylkeskommune, Odda kommune og Miljøverndepartementet har hatt samtalar om eit mogleg kjøp av Odda Smelteverk.

RIVINGSKLARE: Kalkomnane har berre få dagar att dersom det ikkje kjem eit seriøst tilbod om kjøp av Odda Smelteverk, seier styreleiar Karstein Bremnes i Smelteverkstomta næringsutvikling. ARKIV: HELGE HOGNERUD
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over 12 år gammel

Eit kjøp vil i så fall omfatta både det som er freda etter kulturminnelova, og det som berre er regulert til vern. Til det siste høyrer kalkomnane, som kan verta rivne kvar dag som helst.

— Det er rett at det har vore kontakt mellom oss og Odda kommune, ved ordføraren, om eit mogleg kjøp av Odda Smelteverk. Dette må eg tenkja grundig over og rådføra meg med m.a. fylkeskonservatoren og fylkeskultursjefen, seier fylkesrådmann Paul M. Nilsen til BT.

Les også

No er dette freda

Frå Miljøverndepartementet får BT stadfest at ordførar John Opdahl onsdag var i Oslo og hadde samtalar med miljøvernminister Erik Solheim, men han har ingen kommentarar.

Ansvaret

Paul M. Nilsen nemner at fylkesutvalet skal ha møte torsdag 22. mars. Då vil han truleg leggja fram ei orienteringssak og be om signal om korvidt han skal gå vidare med saka.

— Ein ting er å kjøpa Odda Smelteverk. Men det dreg med seg ansvar både for istandsetting, vedlikehald og drift, seier Paul M. Nilsen. Somme utrekningar har synt at det kan kosta fleire hundre millionar kroner å setja det nedlagte Odda Smelteverk i ein stand som er verdig eit freda kulturminne.

Heile pakken

Eigar og seljar ved eit eventuelt kjøp er Smelteverkstomta næringsutvikling, forkorta SNU. Styreleiar Karstein Bremnes seier til BT at dei gjerne vurderer tilbod, men berre dersom eit kjøp omfattar alt som er freda etter kulturminnelova.

— SNU er eit privat selskap, og for oss er det lite interessant å sitja med ein eigedom som er freda, seier Karstein Bremnes.

SNU hadde store planar om næringsutvikling med kjøpesenter på smelteverkstomta, men etter mykje om og men vedtok Riksantiivaren for ca. eitt år sidan å freda mesteparten.

Hastar for kalkomnane

Unnateke frå fredinga var dei store og ruvande kalkomnane. SNU har bestemt seg for å riva dei for å skaffa rom til næringsutvikling på det området av smelteverkstomta som ikkje er freda. Han har fått fylkesmannen si godkjenning for dette. Men i vinter har presset auka for at kalkomnane må få stå. Mange meiner at dei er avgjerande for å få det freda Odda Smelteverk inn på UNESCO si liste over verdsarv.

— Vi har alt inngått avtale med eit firma om rving av kalkomnane. Fredag skal vi ha oppstartmøte. Det betyr at dei som vil kjøpa har kort tid på seg. Dersom ein eventuell kjøpar ser for seg ein langdryg prosess med forhandlingar, så vil det vera for seint for kalkomnane sin del, seier Karstein Bremnes.

Publisert: