Sommaravisa 2011

Page 12

12

sommaravisa 2011

Fiskevatn på rekkje og rad

Fiskeidyll i fjellet. Folgefonna litt i luftlinje 12 kilometer frå Vaulavatnet og på motsatt side av Åkrafjorden. På klarvêrsdagar er utsynet mot nasjonalparken fantastisk. foto: frå boka «Noregs beste fisketurer»

For den som vil kombinera trim og frisk luft med fisking, er mogelegheitene mange. I den næra fjellheimen ligg fiskevatna på rekkje og rad. Grethe hopland ravn

Indre Haugaland har mykje å by på for fjellfararar med fiskestong i ryggsekken. Spesielt Etnefjella. Etter år med lite liv i vatna grunna sur nedbør, er det no påvist yngel igjen. Grunneigarane gir grønt lys for fjellfiske.

Med utsyn til fonna I fjor vår kom Morten B. Stensaker si bok om «Noregs beste fisketurar» i handel, og i eit av kapitla har han teke føre seg fisket aust i Etnefjella. Stensaker skriv om opplevingane han hadde, då han opplevde fiskelukka i dei tre vatna ovafor Åkrafjorden. Aust i Etne kommune, kan ein ved Langfoss gå opp mot Langfosstølen og innover mot både Vaulo og Svartavatnet. I områda langs denne ruta finn ein fleire fiskevatn som tidlegare har vore bort imot livlause grunna sur nedbør. No er det derimot registrert yngel igjen.

Halvannan kilo Vaulavatnet (879 m.o.h), Svartavatnet (961 m.o.h) og Steffenvatnet (995 m.o.h) er tre vatn ein kan fiska i. Borgedalselva munnar ut i Vaulavatnet, og dette vatnet er eit anbefalt vatn å fiska i. Auren er definitivt tilbake i dette vatnet, og fisk på opp i mot halvanna kilo er mogeleg å få på kroken. Svartavatnet ligg ein times tur frå Vaulavatnet, og

I Morten B. Stensaker si bok «Norges beste fisketurar – naturopplevelser med fiskestang og ørretfangst», er fiskevatn i Etnefjella ein av 16 turar. foto: frå boka «Noregs beste fisketurer»

Det er liv i Krokavatnet, og har ein tålmod kan ein godt få seg ein god middag etter ei økt med fiskestanga. Fjellauren er raud og fin. foto: grethe hoplaNd ravN

er mykje mindre, difor meir oversiktleg. Steffenvatnet ligg ikkje langt frå Svartavatnet, og både storleiken og forma på vatnet er tiltalande for den interesserte fiskar. Skardhidleren er ei steinbu som er plassert delvis under ei kjempesteinblokk ved ein fosskulp i elva frå Svartavatnet. Denne hidleren er så enkel som eit krypinn kan bli, men den er nyleg opprusta med nytt tregolv og ein brisk for tre personar som kan nyttast til overnatting. Skal ein fiska i dette området, må ein ta kontakt med Indre Åkrafjord grunneigarlag og prisane er frå 50 kroner per døger, til 400 for ei veka. August er rekna som den beste månaden å fiska i.

til Skarstøl og parkera bilen, då er ein alle- må ein ha eit eige fiskekort for Sørfjellet. reie komen opp på fleire hundre meters Prisane er ikkje stive, då ein kan fiska ei høgde over havet. heil veka for ein hundrelapp. Skal ein slå til Hjørnåsvatnet er det fyrste ein treff på når med sesongkort, må ein ut med 250 kroner. ein tar beina fatt, og ligg Ein kan kjøpa fiskekort berre ti minuttars gange på Grindheim & Sønn frå parkeringsplassen. i Etne sentrum. Ein Etne røde kors har hytte ting ein må merka seg August er på Hjørnås, og innover og Midtre Etnefjell beste fiskemånad iogbåde forbi denne hytta vil ein i Sørfjellet, er at det passera fleire fiskevatn. berre er grunneigarane Løkjølsvatnet, Grindheimsvatnet og som har lov til å fiska med garn. Alle andre Stypekjødnet er tre av vatna ein kan fiska kan berre fiska med stong eller oter. i. Desse vatna ligg i Midtre Etnefjell, og for å fiska i desse vatna må ein ha fiskekort Billig kilopris for denne sona. Stordalsvatnet som ligg langs E134, er eit Hjørnås ligg midt i grenseland for Midtre stort vatn som strekkjer seg frå Grønstad Etnefjell og Sørfjellet, og skal ein fiska i og heilt opp til Frette. Ynskjer ein å fiska i Krokavatnet, Ilsvatnet, Høylandsvatnet, dette vatnet, må ein ut med 50 kroner veka Veadalskjødnane og Lysevatnet som er dei eller 100 kroner for sesongen. Noko som mest populære fiskevatna i denne sona, fort kan bli ein billig kilopris for middagen.

Midtre Etnefjell og Sørfjellet Eit anna område som er populært for fiske, er Kritlefjella. Her kan ein køyra heilt opp

«


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.