Slik kan det bli sjåande ut i Etnefjella om Statnett får byggja ut 420 kV-linjer. 
Foto: 3D-illustrasjon, NVE
Vestland fylkesting ber om at jord og sjøkabel skal utgreiast på lik linje med luftspenn. Foto: 3D-illustrasjon, NVE

Svar til Terje Halleland

Det er spesielt å lese i Grannar om Stortingsrepresentant Terje Halleland fra Vindafjord som nærmast krisemaksimerar denne situasjonen om konsesjonssøknad for  Blåfalli – Gismarvik viss det ikkje gis umiddelbar konsesjon frå OED til byggjing av 420 kV høgspentlinje gjennom urørt natur i Etne.

Etne Venstre vil igjen nemne at det er viktig at Haugalandet får meir kraft til ny industri, til nye arbeidsplassar og til grøn omstilling av eksisterande industri. Difo må også den nye overføringa må også bli grøn via sjø- og jordkabel løysing.

Nå må me ha rett fokus på prioriteringar!

Me veit svært mange at Fagne bygger ny høgspentlinje frå Spanne til Gismarvik som då mogelegvis vil skaffe nok kraft til til dei første bedriftene som skal byggja der.

Me veit også at Statnett skal byggja 2 nye 420kV høgspentlinjer frå Sauda til Norsk Hydro på Karmøy. Då er opprinnelege kraftbehov via Blåfalli – Gismarvik mykje redusert, sidan Norsk Hydro Karmøy var med i opprinneleg søknad og KVU frå Statnett.

Det er nok mange som lurar på om Beyonder i det hele tatt skal byggja batterifabrikk på Gismarvik, siden det i media skrivast om dei deira dårlege økonomi og at de nå byggjar ny batterifabrikk på Forus. Tida vil vise det.

Så når Terje Halleland seier at det er viktig at konsesjonssøknaden må godkjennes i Kongen i Statsråd i august, må ein nok sette begge beina på bakken og sjå alle realitetene.

Han vil ikkje innsjå alle folkeprotestane frå blant anna Hardanger i Hardangersaken for over 10 år sia, og alle protestar i tre høringar i Blåfalli – Gismarvik-saken. Han bryr seg lite om slike ting.

Når NVE sendte saken til OED skreiv NVE dette:

«NVE mener derfor at departementet bør vurdere å sette et vilkår som kan hindre at ledningen blir bygget lenge før det er behov for den. Et slikt vilkår kan være at Statnett må ha signert avtale om anleggsbidrag med minst én større kunde før de starter bygging av ledningen.»

Kan Terje H. sørgja for å informera i media kva bedrifter som nå har signert avtale med Statnett og kor mange megawatt dei treng? Han veit nok kanskje svaret, sidan Vindafjord kommune er ein av medeigarane i Haugaland Næringspark.

Terje Halleland fryktar konsekvensane av ei eventuell utsetjing av saka, i form av tapte mogelegheiter og arbeidsplassar på Haugalandet. Det er me i Etne Venstre ikkje einig i.

Viss Regjeringa nå tar ein rask beslutning om utgreiing av eitt sett sjøkablar fra Blåfalli til Ålfjorden, og eventuelt høgspentlinjer derfrå til Gismarvik, kan bygging komme i gang kanskje om eitt år. Eitt sett med einleder kablar 420 kV kan overførw opp mot 1500 megaqatt (ref. Øygardskabelen 2 til Kollsnes som kan overføra 1400 – 1500 megawatt).

Ei ny 420kV høgspentlinja over Etne har planlagt overføring 1700 megawatt. Opprinneleg ville Statnett ha 2 sett med einleder kablar frå Blåfalli, noe som me meiner er heilt feil og veldig fordyrande løysing. Nå kan kanskje eitt sett sjøkablar bli billigare ein høgspentlinja i heile strekket frå Blåfalli til Gismarvik.

Terje Halleland: Gjer ein ny vurdering her og sørg for ein instruks til NVE og Statnett om å utgreie sjøkabler snarast mogleg.

I mandatet Regjeringa skreiv til Naturrisikoutvalget står det bl.a.:

«Riktignok blir klimaendringene en stadig viktigere årsak til tap av naturmangfold, men arealbruk og arealbruksendringer er fortsatt tapsårsak nummer én.»  Kva meiner Terje H. om slike tema?

Terje Halleland seier at «Det er på tide å finne ut om me kan ha eit demokratisk system, utan at det skal ta år og dag å få behandla slike konsesjonar». Hallo i luka. Dette er ikkje demokratisk. Det er fullstendig udemokratisk. Han vil ikkje la folket bli høyrt.

Hvis Terje Halleland vil ha rask utbygging av infrastruktur for energi må han snarast sørgja for ein instruksjon til NVE og Statnett om å bruke sjøkablar i kyst-Noreg, slik at det gjelder både Blåfalli – Gismarvik og framtidige overføringar.

Terje Halleland tenkjer heller ikkje på det at høgspentlinjer, anleggsvegar og -plassar, vil ødeleggja mye urørt natur samt noge innmark, når man i staden kan leggja sjøkablar i kyst-Norge.

Johan Strømsvold, Etne Venstre

Meir om kraftlnja

Les Grannar sine artiklar og debattinnlegg om saka her: https://grannar.no/kategori/kraftlinja/