- Eiksundbommen er ei pengemaskin. Det er galskap å rive den når sambandet er nedbetalt neste år, seier Gjelseth til Sunnmørsposten.

Planen til Gjelseth er å forsette innkrevinga frå Eiksundsambandet slik at regionen får økonomi til å gjennomføre prosjekt som Volda-tunnel, ny bru over Dragsundet i Ulstein, Leikongbakkane, Rovdefjordbru og ny innfartsveg til Herøy i nær framtid.

Gjelseth, som har diskutert desse tankane med ordførarane i Ørsta, Volda og Herøy, trur vi må vente 20-30 år på statleg finansiering av desse prosjekta.

I tillegg ønskjer han å plassere fleire automatiske bomstasjonar i Volda, Ørsta, Ulstein og Herøy. Dette trur han kan vere starten på ei finansiering av Hafast-sambandet.