Møtet med Mørebenken måndag var lagt til Myklebust Verft, og politikarane som møtte var Asmund Kristoffersen (Ap.), Bjørn Jacobsen (SV), Elisabeth R. Nørve (H), Harald Tom Nesvik (Frp.), Jenny Klynge (Sp.), og May-Helen Molvær Grimstad (KrF.). Blant deltakarane elles var ordførar Dag Vaagen i Sande, Terje Devold frå 62 Nord og Elisabeth Støle, Svenn Finden og Terje Bøe frå Saferoad, Torill Ytreberg, NHO og styreleikar Kjersti Kleven i Kleven Maritime. Pressa var til stades berre under ein liten bolk, og emna som då vart tatt opp var i hovudsak infrastruktur i Utkant-Noreg og rammevilkåra for maritim industri. Renta må bli lågare Ståle Rasmussen nytta sjansen til å understreke at han håper rentenedgangen vil halde fram, og at det er viktig å følgje med bankane sin utlånspolitikk. – Risikomarginen til bankane er ikkje heilt i samsvar med det som har blitt pøst inn i denne næringa i det siste, varsla Rasmussen. Han er klar over at politikarane har relativt lite påverking over oljeprisane, men understreka at det er svært viktig at GIEK og Eksportfinans blir opprusta med kapital. – Avgiftsnivået må ned, og eg er spent på kor raskt politikarane kan snu seg rundt, la han til. Meir støtte til miljøutvikling Styreleiar Kjersti Kleven gjorde politikarane merksame på at det er svært viktig at tiltak som kan betre miljøet no ikkje druknar i finanskrisa. Ho ser det som svært viktig at styresmaktene set av endå meir pengar til forsking og utvikling innan miljø. Bjørn Jacobsen (SV) meinte politikarane har vore for lite medvitne på å få meir transport til å gå sjøvegen, og at dette no må endre seg. Ståle Rasmussen er samd i dette, men peika på at det då må setjast av mykje meir pengar til å kunne utvikle miljøvennlege godsskip som kan gå med ei fart på mellom 25-30 knop kan kome seg raskt ned på kontinentet. Kleven Maritime skal i år og neste år produsere tre skip til Kystvakta. til ein samla verdi på om lag 750 millionar kroner. Kystvakta skal i åra framover skaffe seg 15 nye skip, og 14 av dei er allereie kontraherte. Leiinga ved Kleven håper at dei får den siste kontrakten. Finanskrisa gjorde at regjeringa på slutten av 2008 kom med fleire krisepakkar, og i slutten av januar vil nye bli presenterte. Den maritime næringa er spente på kva dette blir. Varsla ingen store vegprosjekt Ordførar Dag Vaagen i Sande meiner det no er svært viktig med ein tett dialog mellom lokalt næringsliv og politikarane, og han peika på at god infrastruktur var viktig for næringslivet i regionen. Alle Mørepolitikarane lova at det i åra framover vil bli satsa mykje på vedlikehald av vegar, trafikk- og rassikring. Men ingen av dei kom med konkrete lovnader på nye storprosjekt Før pressa vart sende på dør rakk Ståle Rasmussen forresten å tipse Mørebenken om at eit godt distriktstiltak ville vere så gje kommunane støtte til å byggje utleigebustader. Både for sysselsetjinga sin del, og for at kommunen skal ha bustader å tilby folk som kan tenkje seg å etablere seg i distriktet.