Stortingsrepresentant Svein Gjelseth (A) frå Herøy hadde både eit internasjonalt og eit nasjonalt perspektiv då han heldt tale for dagen i Fosnavåg 1. mai. Søre Sunnmøre LO og arbeidarpartilaga i Hareid, Herøy og Ulstein samla seg til felles 1. mai-fest i kantina til Olympic, i tredjeetasjen i Fosnavåg Brygge. Eit femtitals menneske hadde funne vegen til markeringa, sjølv om vårsola lokka med uteliv denne søndagen.

Kampen for demokrati

– På denne dagen markerer vi kampen for demokrati, velferd og arbeidsfolk sine rettar. Det er også kjernen i det folk i Midtausten og Nord-Afrika kjempar for i dag, sa Gjelseth, som peikte på at krava om demokratiske reformer slo beina under dei autoritære regima i Tunisia og Egypt. No kan fleire følgje etter. Syria og Jemen vaklar, og i Libya er Gadaffi villig til å ofre sivilbefolkninga for eigne interesser.

– No ser vi at den delen av befolkninga som i tiår etter tiår har vore utsett for maktmisbruk og undertrykking, har fått nok. Denne utviklinga er i nær slekt med andre ”bølgjer” der folk har kravd fridom, likskap og brorskap. Som norske sosialdemokratar, og som medlemmer av ein verdsomspennande folkerørsle, skal vi gi dei vår fulle støtte når dei kjempar for demokrati, fridom og rettferd, insisterte Gjelseth.

Det var leiar i Herøy Ap, Ronny Frøystad, som opna samlinga og ønskte velkommen. Han minte om at historia til 1. mai går tilbake til 1800-talet. I 1889 møttest Den internasjonale arbeidarkongressen i Paris, og etter forslag frå dei fagorganiserte i USA vart vedtok forsamlinga 1. mai som demonstrasjonsdag. Alt året etter var det demonstrasjonstog her i landet, i Kristiania og Kristiansand.

– Arbeid er nøkkelen

I talen sin understreka Svein Gjelseth kor viktig det er at folk har arbeid:

– Arbeid er nøkkelen til sterke og frie individ, trygge familiar, eit godt samfunn. Skal vi sikre verdiskapinga i framtida og betale for den velferda vi ønskjer, treng vi så mange som muleg i arbeid. Derfor er slagordet for denne 1. mai feiringa ”arbeid gir velferd”.

Gjelseth viste til høgresida i Europa, som svarer på finanskrise og vanskelege økonomiske tider med kutt. Han meiner desse kutta i offentlege budsjett vil sende nye store grupper ut i arbeidsløyse. I Norge er svaret eit anna.

– Vårt svar er arbeid. Frå den augneblinken finanskrisa oppstod, har Regjeringa i lag med fagrørsla gjort alt som står i deira makt for å halde arbeidsløysa lågast muleg. Vi treng ikkje gå lenger enn til våre eigen region og tenkje på tiltakspakkane som kom i tur og orden. Tiltakspakkar som førte til at folk fekk halde fram i jobb eller ta vidareutdanning med lønn.

Presset på velferdsstaten

Stortingsrepresentanten viste også til diskusjonen om presset på velferdsstaten:

– Vi vil svare med å få fleire i arbeid. Fleire til å jobbe lenger. Ikkje ved å kutte, slik at det blir tøffare å stå i jobb, lettare å falle ut, og vanskelegare å tre inn igjen. Arbeidarpartiet sin politikk står på to likeverdige bein: – Skape og dele. Verdiskaping og velferd.

– 250 000 på 5 år. Det er 50 000 i året. 960 i veka. Eller 137 om dagen. Så mange fleire arbeidsplassar har det vorte i Norge sidan den raudgrøne regjeringa tok over. Dette i ein periode der verdsøkonomien slit. Der dei fleste regjeringar strever med svært høg arbeidsløyse, sa Gjelseth

Han meinte dette fortalde mykje om den skaparkrafta som ligg i norsk næringsliv og hos norske gründerar, men også noko om korleis den sosialdemokratiske politikken verkar for verdiskaping.

– Faktisk så vart det skapt berre 25 000 nye arbeidsplassar i Norge i perioden 2001 til 2005. Altså ein tiandedel av det som har vorte skapt etter 2005, oppsummerte stortingspolitikaren.

Kystoffensiven

Arbeidarpartiet ønskjer å byggje vidare og styrke det sterke næringslivet langs kysten gjennom Kystoffensiven og Næringsløftet i Vest. Her er partiet i gang med ein prosess som skal leie fram mot eit nytt næringspolitisk manifest.

Gjelseth var også innom Nasjonal Transportplan og satsinga på stamhamner og knutepunkt langs kysten. Dette for å få meir gods over frå veg til sjø. Fleire hamner og farleier i vårt fylke er med i denne satsinga.

– Stad skipstunnel høver godt inn i desse planane, smilte Gjelseth, som kom med eit døme:

– Gjennom Gudbrandsdalen går det over 1000 tunge køyretøy kvar einaste dag. Eit moderne RoRo skip kan ta om bord 200 slike køyretøy. Eg trur ikkje det er lenge før vi får oppleve dei første RoRo skipa i rute frå Vestlandet til Kontinentet med fisk eine vegen og frukt og grønt mm andre vegen.

Ufrivillig deltid

Mot slutten av talen sin kom stortingsrepresentanten inn på spørsmål som ufrivillig deltid, arbeidsmiljø og sosial dumping:

– Blant vedtaka på landsmøtet – som eg er sikker på at vil få store positive konsekvensar – er det store krafttaket mot ufrivillig deltid. Ufrivillig deltid er jo eigentleg berre en “fin” måte å seie delvis arbeidsledig på. Dette handlar om folk som ønskjer å jobbe. Folk som vi har behov for i arbeidslivet. Men som ikkje får så stor stilling som dei ønskjer. Dette er etter mitt syn enorm sløsing med ressursar. Arbeidarpartiet vil no foreslå lovendringar som skal gjere noko med dette.

Partiet vil også styrke Arbeidstilsynet og gjennomføre ei rekke tiltak mot sosial dumping.

Kommunevalet

Til slutt retta Svein Gjelseth merksemda mot kommunevalet i haust.

– Vi må synleggjøre at det også er store politiske skilnader mellom partia lokalt. Skal vi klare dei store løfta framover, så treng vi å ha Arbeidarpartiet ved roret også i kommunane. Det er i kommunane velferda vert skapt. Det er i kommunane folket bor. Derfor treng vi lokale og nasjonale politikarar som dreg i same retning. Som har same mål og prioriteringar. Så er det også ei oppgåve for oss å syte for at Arbeidarpartiet får skipperen på den kommunale skuta i Hareid, i Ulstein og i Herøy, understreka Gjelseth, som ønskte lykke til med valkampen.

Kaffi, kake og prat høyrer med ein 1. mai. Her diskuterer Ap-ordførarkandidat Olaug Andreassen i Herøy, med partivener mellom anna frå Ulstein. Foto: Asle Geir Widnes Johansen