- Tussa har tilhald på søre Sunnmøre og byggjer kraftlinjer og breiband til dei som bur her. Vi er opptekne av at folk flest skal ha tilgang på det dei treng. Utbygging og drifting av anlegga våre er viktig. Men med dei geografiske utfordringane vi har her på Nord-Vestlandet er det ikkje alltid enkelt å vere så effektive som vi ønskjer. Noko av det viktigaste for oss er mulegheit for lett tilkomst både internt og til og frå regionen, seier konserndirektør Elling Dybdal i ei pressemelding. - Eiksundsambandet og Kvivsvegen er nye tilkomstmulegheiter som gir både bedrifter og oss som bur her, nye og større sjansar for samhandling på tvers av fjell og fjordar. - Tussa har med spenning følgt med i planlegging og utbygging av Eiksundsambandet. Sambandet vil knyte Søre Sunnmøre saman på ein ny og unik måte som var utenkjeleg for berre få år sidan. Vi ønskjer på denne måten å heidre ein av dei største og fremste pådrivarane for å få prosjektet i hamn, Knut Nærø, seier Dybdal, og held fram: - Kvivsvegen vil knyte Sunnmøre saman med Nordfjord og gjere tilkomsten til Austlandet enklare. Svein Sunde har i fleire år kjempa for å få realisert dette sambandet. Alle slike store prosjekt treng pådrivarar som aldri gir opp. Vi ønskjer på denne måten å gi heider til Svein Sunde for sitt ukuelege pågangsmot og innsatsen for å få realisert Kvivsvegprosjektet. Prisvinnarane får 10.000 kroner kvar i tillegg til eit måleri av Nils Taklo. Prisutdelaren var styreleiar i Tussa, Svein Gjelseth: - Eiksundsambandet og Kvivsvegen vil, når begge prosjekta er realiserte, gi oss sunnmøringar ein enklare kvardag, og gi oss endå større grunn til å halde fram å bu her vi bur. Tussaprisen: Tussaprisen går til einskildpersonar eller lag/grupper som bur i eller har ei spesiell tilknytning til ein eller fleire av dei åtte ”Tussakommunane”. Tildelingskriteria er følgjande: - Prisvinnaren har merka seg positivt i lokalmiljøet gjennom idrett, kultur eller andre aktivitetar som skapar merksemd - Prisvinnaren har også merka seg ved individuelle prestasjonar, anten som utøver eller leiar for ei utøvande gruppe - Prisvinnaren kan vere ein god ambassadør for Tussa Av tidlegare prisvinnarar kan ein nemne Merkesteinane i 2004 og Mons Sandnes i 2005.