Førstekomande tysdag (11. august) arrangerer Arbeidarpartiet ein "Maritim Dag" på Søre Sunnmøre. Tidlegare stortingspresident Dag Terje Andersen, no arbeidspolitisk talsperson i Ap, vil saman med fylkesordførar Jon Aasen og lokale ordførarkandidatar vil vitje regionen denne dagen.

Føremålet med dagen er å besøke viktige verksemder i regionen, lære meir om situasjonen i den maritime næringa, og samtale med næringslivet om kva politiske grep næringa og arbeidsmarknaden treng i ein krevjande situasjon.

Dei startar dagen på Scana i Volda, deretter dreg dei vidare vidare til Nav i Ørsta. Så reiser dei vidare til Ulsteinvik, der dei skal ha arbeidslønsj med Maritimt Forum på Kaffebaren. Etter det går ferda vidare på bedriftsbesøk til Gunvor Ulstein og Ulsteinkonsernet. Etter ein time reiser dei til Herøy der dei får omvisninga i Fosnavåg og skal møte Per Sævik.

På ettermiddagen blir dei transporterte til Ørsta. På kvelden er det medlemsmøte for Arbeidarpartiet på Søre Sunnmøre.

Også Giske kjem

Dagen før, måndag 10. august, kjem Trond Giske til Høgskulen i Volda for å vere med på studiestartopninga. Giske er nestleiar i Arbeidarpartiet og leiar for Stortingets kyrkje-, utdannings- og forskingskomite. Det er Volda Arbeidarparti og Jørgen Amdam som har invitert Giske til Volda.