Dei fem Ytre Søre Sunnmøre-kommunane har i dag fredag vore på Thon Hotell i Fosnavåg og forhandla om ein endeleg intensjonsavtale om samanslåing av Hareid, Ulstein, Herøy, Sande og Vanylven.

Fredag ettermiddag var det klart at dei fem forhandlingsutvala var samde om at namnet på storkommunen skal vere Runde.

Det var også semje om at kommunestyret skal ha 47 medlemer og at det skal vere kommunedelsutval i alle dei noverande kommunane.

Men semja elles om kva intensjonsavtalen skal innehalde var ikkje stor nok til å signere noko dokument.

Det blir derfor halde ei ny forhandlingsrunde 30. mars. Då er det Ulstein som skal vere vertskap.

Usemja går i første rekke om kor stort administrasjonssenteret i Myrvåg skal vere.

Ulstein meiner at dei har gitt mykje ved å seie ja til kommunenamnet Runde og administrasjonssenter i Myrvåg, medan Herøy-ordførar Arnulf Goksøyr meinte at den vesle administrasjonsstaben som var forespegla i Myrvåg likna på ei "brakkeløysing".