Stortingspolitikar Svein Gjelseth (Arbeidarpartiet) blir hovudtalar på 1. mai-arrangementet LO og Arbeidarpartiet har i Fosnavåg. (arkivfoto) Foto: Anne Gry Eilertsen

Festen blir i kantina til Olympic, i tredjeetasjen i Fosnavåg Brygge.

Ronny Frøystad, leiar i Herøy Arbeidarparti, fortel at det blir ei tradisjonell 1. mai-markering. Dei har lagt festen til utpå ettermiddagen, så det ikkje kolliderer med Amcar-treffet same dagen.

Samarbeidskomiteen mellom Arbeidarpartiet og Landsorganisasjonen i Noreg har bestemt at årets slagord skal vere: Arbeid gir velferd. Frøystad reknar med at det òg er tema for talen til stortingspolitikar Svein Gjelseth (AP).

Dei siste åra har LO og arbeidarpartilaga i Ulstein, Hareid og Herøy hatt felles arrangement denne dagen, der det går på omgang å arrangere festen. I år var altså turen kome til Herøy.