Maritimmessa Nor-Shipping går over fire dagar, og samlar reiarar, meklarar, investorar og bankfolk. Messa blir arrangert annakvart år, og i fjor var 35.000 besøkande innom utstillinga på Norges Varemesse, skriv dn.no.

I tillegg blir det halde ei rekke arrangement rundt om i hovudstaden, på dag- og kveldstid.

Direktør Sturla Henriksen seier til Dagens Næringsliv at det ikkje er tvil om kva som blir det store samtaleemnet i år. Den tunge nedturen i olje og offshore.

- I nokre deler av næringa går det frå vondt til verre, ikkje minst på offshoresida. Etter ein lang vekstperiode har det blitt ein dramatisk annan situasjon i maritim offshore. Sidan finanskrisa har den meir tradisjonelle delen av skipsfarta slite med relativt lav etterspørsel og overkapasitet. I fjor fekk vi eit kraftig fall i oljeprisane som har ført til at oljeselskapa verda over har tatt aktiviteten kraftig ned. Dt slår rett inn i offshoremarknaden, forklarer Henriksen.

Må skru på bremsene

- Lite krisestemning