Herøy vidaregåande skule vil omskape det tidlegare skuleutvalet til eit eige styre. Svein Gjelseth har takka ja til å leie det nye styret. Avisa Vestlandsnytt skriv at målet er å styrkje og utvikle skulen til å bli best i verda innanfor sitt fagfelt.

Gjelseth peikar på at skulen ligg midt i smørauget, og har verdast beste bedrifter innan dei maritime bransjane rundt seg.

Den tidlegare ordføraren i Herøy har tidlegare både jobba på og for Herøy vidaregåande skule.

Han meiner det tidlegare skuleutvalet sine oppgåver har dei seinare åra blitt temmeleg vengeklippa. Men no er dei godt i gang med å opprette eige styre som mellom anna består av representantar frå det lokale næringslivet, kommunen og brukarane.

Gjelseth uttaler at styret ser svært optimistisk på denne prosessen, som dei ser på som ein lekk i å utvikle Herøy vidaregåande skue til å bli topp moderne og endå meir attraktivt for ungdommen.