Medan Maritim Sommarfestival gjekk føre seg utanfor veggane til Herøy Frikyrkje torsdag, samla den maritime klyngja seg til konferanse saman med fleire inviterte gjestar. Der iblant Stortingsrepresentant Svein Flåtten (H), Jørn Sund-Henriksen (Norges Rederiforbund), Knut Sunde (Norsk Industri), Per Erik Dalen (NCE Maritime) Kjetil Kristiansen (Ernst & Young), Knut Aasebø (Personaldirektør VARD), Marko Polter (Utviklingsingeniør Rolls-Royce), professor Hans Petter Hildre (HiÅ) og Arnfinn Ingjerd (Maritimt Forum Nordvest).

Venta sterk vekst i Nordsjøen

Olje- og gassindustrien har vekse med meir enn 50 prosent dei siste åra. Dette gjer at den maritime marknaden har eit underskot av arbeidskraft. Difor var dette hovudtemaet som dei fleste av konferansierane tør føre seg i sine føredrag under årets Fosnavågkonferanse.

- Vi har tidlegare hatt vekst innanfor sildemarknaden. No er det ein ny type vekst – nemleg Nordsjøen. Dette vil vekse monaleg dei neste to åra. Riggaktiviteten er venta å auke med 50 prosent. Difor vil næringa trenge mellom 4500-5000 nye arbeidstakarar. Riggane i Nordsjøen er drivkrafta for heile næringa, slår styreleiar Stig Remøy i Herøy Næringsforum fast i sin velkomsttale.

Eit statleg ansvar

Stortingsrepresentant og Høgre-politikar Svein Flåtten opna sitt føredrag med å takke for invitasjonen til verdiskapingskommuna Herøy.

Flåtten er heilt overtydd om at næringa, saman med staten, må handle raskt for å sikre seg nødvendig arbeidskraft. Flåtten har bite seg i merke at situasjonen er alvorlig, når så mykje som 25 prosent av skulen går tapt for næringslivet.

- Dette er alvorleg. Her må vi sørgje for meir rekrutteringar. Det bør finnast ein fleksibilitet mellom det teoretiske og det praktiske i maritim skulegang. Ei slik opplæring er heilt nødvendig for å sikre at elevne får ei berekraftig opplæring.

Vidare fortel Flåtten at det ikkje er oljefondet som er framtida. Framtida ligg i mennesket sitt hovud.- 80 prosent av kapitalen er humankapital. Det må vi aldri gløyme. Det er der framtida ligg. Ikkje i oljefondet, slår Flåtten fast.

Høgrepolitikaren ser føre seg ei meir sentralisert maritim utdanning, tent med så god utdanning som mogleg. Utdanninga må spissast inn med ein god infrastruktur.

- Oppgåva med å forbetre og sentralisere utdanninga er såpass stor at det bør vera eit statleg ansvar med å få dette på plass. Dette vil vi i Høgre jobbe for. Vi må få meir pengar og meir utstyr inn i opplæringa, avsluttar Flåtten.

Betre finansiering av fagskular

Også Jørn Sund-Henriksen i Norges Rederiforbund føreslår krafttak for å få på plass ei betre strukturert opplæring innanfor den maritime skulen.  Som blant anna andre arbeidstidsordningar under opplæring, god søking frå botnen av, rett dimensjonering innanfor behovsanalyse og auka fokus på læreplassar der næringa er ansvarsbevisst.

- Vidare treng vi ei betre finansiering av tekniske og maritime fagskular, der blant anna ingeniørutdanninga og maritim høgskuleutdanning må løftast opp til ein høgare kostnadskategori. Det einaste som er sikkert er at vi også i framtida skal leve av teknologien, fortel Sund-Henriksen.

Vidare utover dagen vert det paneldebatt, der inviterte gjestar får sjansen til å kome med spørsmål rundt dei ulike føredraga.

Styreleiar Stig Remøy i Herøy Næringsforum ynskjer velkomen. Foto: Joar Ødegård
Jørn Sund-Henriksen frå Norges Rederiforbund ynskjer betre finansiering av fagskular. Foto: Joar Ødegård