Konserndirektør offshore Anders Almestad i Rolls-Royce, utanriksminister Jonas Gahr Støre og stortingsrepresentantane Else May Botten og Svein Gjelseth på veg inn til møte i lokala til Rolls-Roys i Ulsteinvik. Foto: Ingvild Aursøy Måseide

I går var alle regjeringsmedlemene på reise rundt omkring i Noreg. Regjeringas reiseprogram “Regjeringa ut i landet” er ein del av regjeringa sitt samarbeid for arbeid. Tanken er at dei gjennom å reise rundt i landet og snakke med folk skal få kunnskap som gjev grunnlag for innovasjon og næringsutvikling og på kvalifisering av arbeidstakarar for arbeidslivet i framtida.

Utanriksminister Jonas Gahr Støre og forskings- og høgare utdanningsminister Tora Aasland starta onsdagsmorgonen på Høgskulen i Ålesund. Der fekk dei lære om den maritime klyngja, betydning og kompetansebehov. Etter lønsj og ei omvising i simulatorane drog utanriksministeren vidare i båt til Ulsteinvik, der han hadde eit timelangt møte med Rolls-Royce.

Møtet var lukka for presse, då Rolls-Royce ikkje vil diskutere strategiane sine offentleg. Etter møtet fekk Gahr Støre ei kjapp omvising i hallen, før han vart frakta vidare med båt til Brattvåg.

Strategi mot Russland

Vikebladet Vestposten hanka tak i Jonas Gahr Støre på veg frå båten og inn i møtelokala hjå Rolls-Royce.

– Rolls-Royce har no kjøpt opp Odim, som har levert ein del utstyr til krigsskip. Er det i samband med det at du som utanriksminister har vald ut nettopp å dra til Rolls-Royce i Ulsteinvik?

– Nei, nei, det har ingen samanheng med det, avviser Gahr Støre.

Han seier at dei har hatt kontakt med Rolls-Royce i eit par år og departementet har kontakt med Russland. Utanriksministeren og departementet vil gjerne hjelpe Rolls-Royce med å gjere framstøyt mot Russland og lukkast med det. Han meiner at den maritime teknologien på Sunnmøre kan bli viktig i Noreg sitt framtidige samarbeid med Russland. Utanriksdepartementet arbeider òg med ein strategi mot Brasil, kan Gahr Støre opplyse om. Nyleg skreiv Vikebladet Vestposten om at Rolls-Royce har inngått kontraktar for framdrifts- og posisjoneringssystem for sju supplyskip til Brasil. Kontraktane har ein verdi på nærare 150 millioner kroner for Rolls-Royce.

Det moderne Noreg

Gahr Støre forklarar at det er kjekt for han som utanriksminister å få reise rundt i Noreg og sjå på industri og moderne teknologi. Når han reiser rundt i utlandet snakkar han mykje om det moderne Noreg, då er det greitt å ikkje berre snakke om det, men òg kjenne det han snakkar om og sjølv tileigne seg historiene. Utanriksministeren fortel at han ofte blir konfrontert med at Noreg er eit høgkostland.

– Ja, me er eit høgkostland. Men me kan tilby framifrå kompetanse og kunnskap. Om me sviktar på dette punktet er me ikkje lenger i toppsjiktet, seier Gahr Støre og ser alvorleg framføre seg.

– Kva skjer når de regjeringsmedlemene er ferdig med reisene dykkar? Forblir kunnskapen hjå kvar einskild, eller vil dei ha noko slags oppsummering?

– No har eg med meg dyktige medarbeidarar og representantar frå Mørebenken, svarer Gahr Støre og klappar Else May Botten på skuldra. Han forsikrar om at kunnskapen blir notert og teken med vidare.