Folket, det vil seie dei som har svart på siste vekespørsmål, har tala. 88 prosent av dei som har avgitt svar, tykkjer ikkje at stortingsrepresentant Svein Gjelseth (Ap) sitt forslag om å forlenge bompengeperioden gjennom Eiksundsamabandet er nokon god idé. Trass i at pengane skulle nyttast til lokale vegprosjekt. 11 prosent støttar forslaget frå Gjelseth, medan ein prosent ikkje veit kva dei meiner.

Arbeidet i samband med Sjøgata i Ulsteinvik er så smått sett i gang. Det vil by på ein del trafikale utfordringar, mellom anna når det gjeld omkøyringar og parkering. Kva trur du? Kjem dette til å gå som ein leik eller vert det eit inferno utan sidestykke? Skroll deg nedover framsida til vikebladet.no, finn Vekespørsmålet og klikk på det alternativet som stemmer mest overeins med di oppfatning.