– Eg medgir at eg vart litt paff då Svein spurde om eg ville stå som kandidat til å bli ordførar. Men etter å ha tenkt meg litt om, takka eg ja. No gler eg meg til valkampen, og vi satsar på å få inn ein stor delegasjon frå Ap i kommunestyret, seier Bjørn Prytz til Vestlandsnytt.

For mange vil det vere litt overraskande at ikkje Svein Gjelseth er kandidat til toppvervet som blir ledig etter Arnulf Goksøyr.

– Det er på tide med noko nytt, etter at eg har vore i fremste rekkje i mange år, seier Gjelseth.

Denne gongen har han sisteplassen på nominasjonslista.

– Han er ein lagbyggjar

Gjelseth er tydeleg på kvifor ein denne gongen har samla seg rundt Prytz, som sist representerte Ap i kommunestyret så langt tilbake som på slutten av syttitalet:

– Bjørn har solid erfaring frå offentleg forvalting. Han har politisk erfaring og kjenner lokalsamfunnet veldig godt. Dessutan har han brei erfaring frå idretts- og kulturlivet. Han er ein lagbyggjar og ein samlande faktor. Det er berre nokre av dei mange positive sidene med Bjørn, skryt Gjelseth.

– Fin miks på lista

Samstundes seier både Prytz og Gjelseth seg glade for kor breitt samansett Ap-lista er, med fin blanding yngre og litt eldre, kvinner og menn.

– Som vi ser på lista, er det også fin kontinuitet med mange av dei røynde frå Herøy Ap. Det er ein fin miks av rutine og nye fjes, seier dei to.

– For meg er det også viktig at Svein er med vidare. Utan han ville det bli som å mangle det fjerde hjulet på ein bil, seier Prytz.

73-åringen manglar verken lyst eller ambisjonar innan lokalpolitikken.

– Eg vart enkjemann i fjor, og er frå før pensjonist. Så eg har god tid til denne typen arbeid, og har samstundes stort engasjement til å bidra for herøysamfunnet på ein positiv måte, seier Prytz.

At ein 73-åring stiller som ordførarkandidat meiner Gjelseth er berre positivt:

– Det ein fordel med lang og brei erfaring, samt eit breitt kontaktnett slik Bjørn har. Vi gjorde eit godt val i 2015, og tek mål av oss til å bli det største partiet i kommunestyret, seier Gjelseth, som no har teke over som styreleiar i Herøy Ap.

Fotball, musikk og skule

For dei sportsinteresserte er Bjørn Prytz kjend i rolla som keeper i stordomstida til Hødd. Han var også sentral som trenar på Bergsøy, ikkje minst då Bergsøy åt kirsebær med dei store, rundt 1980. Han har også vore trenar for andre lokale fotballag.

Saman med Fred Frantzen har han gitt ut CD og framført «gamle svisker» for eit etter kvart stort publikum. Yrkesmessig var han alltid «skulemann». No siktar han seg inn mot ordførarvervet!

Valliste for Herøy Ap til kommunestyrevalet 2019:

1. Bjørn Prytz

2. Ingvill Sævik Bjørneseth

3. Johnny Hundsnes

4. Maria Utseth Stave

5. Per Kristian Furø

6. Gerd Kopperstad

7. Arne Ringstad

8. Maria Kvalsvik

9. Runar Stave

10. Silje Marie Oksholen Gjelseth

11. Tord Karstensen Vågsholm

12. Camilla Kvalsvik Aksnes

13. Andre Søvik

14. Sandra Aasen

15. Eva Måløy

16. Jarle Eide

17. Ingebjørg Lyster

18. Hans Karsten Voldsund

19. Cesilie Sundgot

20. Arild Storvik

21. Lilly-Arlen Larsen

22. Leiv Aarflot

23. Hans Ove Garnes

24. Monica Sandnes

25. Jens Terje Johnsen

26. Hanne Garnes

27. Robert Sverre Kleppe

28. Arnstein Selvåg

29. Ada Karin Fjørtoft Kleppe

30. Olav Moltumyr

31. Susan Kvalsvik

32. Kåre Jensholm

33. Sigrun Voldsund

34. Benedicte Reite Hansen

35. Sølvi Voldsund Myrhol

36. Egil Kjell Leikanger

37. Svein Gjelseth

(Lista kan bli utvida)