Rett før jul kom Samferdsledepartementet med ei bestilling til kystverket om utgreiingsrunde nummer 21 for den mykje omtalte skipstunnelen ved Stad. Årsaka skal ifølgje NRK, som fyrst omtala saka, vere at dei 20 ulike rapportane som har vore lagt fram har gitt ulike svar, spesielt med tanke på prislappen. I fjor kom den førebels siste, Kvalitetssikring 2. Prisen for tunnelen var då blitt 3,7 milliardar kroner, 1 milliard meir enn Kystverket sitt anslag.

KS2-rapporten peiker elles på liten effekt for sikkerheit, liten betydning for framkome, og at det frå ein samfunnsøkonomisk ståstad vil vere ulønsamt å bygge tunnelen. Tilhengarane meiner på si side at rapporten tek feil, og at den undervurderer nytta av tunnelen. Dømevis har Svein Gjelseth tidlegare vore ute å peika på at rapporten har undervurdert potensialet tunnelen har for turisme og at samfunnsnytteverdien er underkommunisert. Han og resten av styringsgruppa for den planlagde skipstunnelen set snarare sin lit til Kystverket sine tal.

Den nye rapporten som no er bestilt frå kystverket har som mål å sjå på akkurat dette med pris. Den skal vere ferdig 15. juni i år.

Ikkje bekymra

Gjelseth ser ikkje på denne bestillinga som problematisk for prosjektet.

- Eg vil seie dette er udramatisk og forventa. Jon Georg Dale har varsla at vi må sjå på kostnadane og det er det denne bestillinga legg opp til. Eg har god tru på at ein vil kome fram til at prosjektet ikkje blir so mykje dyrare enn det som fyrst var anslaget til kystverket. Prisen vil nok stige litt opp frå 2,7 milliardar, men eg trur ikkje tala blir i nærleiken av det KS2-rapporten peikar på, seier Gjelseth.

Svein er snarare positiv til bestillinga, spesielt når ein les eit av avsnitta som også står i bestillinga. I dokumentet heiter det nemleg: «Det bør også bli vurdert å gjere reie for eventuelle tiltak som kan auke samfunnsnytten utover det som går fram av forprosjektet og KS2».

- Dette ser eg på som veldig positivt. Her får ein no ei moglegheit til å gjere endå grundigare analyse av den samfunnsøkonomiske nytteverdien av tunnelen. Det trur eg vil berre styrke posisjonen til tunnelen.

Til slutt legg Gjelseth til at han ikkje trur det vil bli store forseinkingar i prosjektet med ei ny reknerunde.

Slik er stoda per i dag:

Regjeringa og støttepartia har sett av 1,5 milliardar kroner i første planperiode av Nasjonal Transportplan (2018-2023) og 1,2 milliardar i andre del (2024-2029). I praksis vil dette seie at tunnelen er fullfinansiert om ein legg kystverket sine prisrekningar til grunn.

Oppstartspengar til prosjektet kom ikkje som forventa då fyrste budsjettforslaget for 2019 vart lagt fram, men gjennom budsjettforhandlingane med regjeringspartia har KrF sørga for å løyve 20 millionar kroner til oppstart av Stad skipstunnel i 2019. Kystverket skal etter kvart no i gang med prosessen med grunnkjøp. Bygging av Stad skipstunnel medfører at 20 grunneigarar blir direkte påverka. Av desse er der fem bebudde einebustadar som må rivast. Prosessen med å kjøpe ut grunnen vil kunne ta kring to år. I tillegg skal det verte etablert byggherreorganisasjon, og arkeologar skal gjere fleire utgravingar. Takka vere budsjettløyvinga ser det ut til at kystverket vil halde seg i rute i forhold til Nasjonal transportplan der seinaste byggestart er sett til 2021. I Kystverket sitt handlingsprogram er anleggsstart også sett til 2021. Dei vil etter kvart trenge fleire løyvingar på komande statsbudsjett til forarbeidet, men dette er noko dei reknar med vil gå igjennom, fortel Gjelseth til Vestlandsnytt.