UiO vedtok antatt budsjett for 2023

UiO:Demokrati og UiO:Energi og miljø får pengar til ytterlegare satsing i 2023 slik at kvar av forskingsprosjekta får 20 millionar kvar.  Det er klart etter at Universitetsstyret vedtok forslaget til stipulert budsjett for 2023 i dag. 

Mange folk er samla rundt eit møtebord

BUDSJETT I HAMN: Universitetsstyret vedtok samrøystes forslaget til UiO-budsjett for 2023. 

Foto: Martin Toft

Før møtet starta, var det klart at Universitetsstyret berre hadde 42 millionar kroner til fordeling på serskilde prioriteringar på 2023-budsjettet. Halvparten av dette blei føreslått løyvd vidare til forskingsatsingane UiO:Demokrati og UiO:Energi og miljø, slik at dei samla får 20 millionar kvar over to år.  Resten av den potten til prioriteringar i 2023 går til nasjonalt prosjekt for sakshandsaming og arkiv, til innkjøp av nye units til tannlegestudiet på Det odontologiske fakultetet og dei siste millionane går til styrking av det europeiske universitetssamarbeidet  om grenselaus utdanning Circle U.   

Desse prioriteringar for 2023 blei vedtekne av Universitetsstyret: 

• Satsinga på Demokrati får tildelt 13 mill. i 2023, og får til saman 20 millionar kroner

• Satsinga på Energi og miljø får tildelt 7 millionar i 2023, og med tidlegare tildeling får prosjektet 20 millionar kroner

• UH SAK(det nasjonale prosjektet for sakshandsaming og arkiv) og UiO sitt innføringsprosjekt får tildelt 12 millionar kroner

• UiOs mottaksprosjekt for Livsvitskapsbygget får ei tildeling på 3 millionar kroner

• Investeringar i tannlegeunitar ved Det odontologiske fakultetet får tildelt 5 millionar i 2023 og 5 millionar i 2024

• Satsinga på Circle U, får løyvinga  auka med 2 millionar, slik at den samla blir 7 millionar kroner. 

(Kjelde: UiO)

"Nøkternt og konsoliderande"

Universitetsdirektør Arne Benjaminsen innleia diskusjonen om budsjettet ved å kalla det nøkternt og konsoliderande.

– Det er uvisse om finansieringa av Forskingsrådet. Og me har lagt inn eit ABE-kutt på  0,5 prosent hos alle einingane, sjølv om regjeringa har lovt at ABE-kutta skal bort.  Det kan koma andre avgrensingar, til dømes på dekning av reiser, forklarte han.

– Kan koma tilbake til nytt Vikingtidsmuseum

Akkurat no meiner han det rår mest uvisse rundt når det blir oppstart av bygginga avv nytt Vikingtidsmuseum på Bygdøy. 

– Om det blir stengt lengre enn planlagt  og det blir utan publikumsinntekter i endå  lengre tid, så er det mogleg me må koma tilbake til dette, understreka  Arne Benjaminsen.  

Ynskte eigen oversikt over løyvingar til forskingssatsingar

Representant for dei fast vitskaplege tilsette, Finn-Eirik Johansen var nøgd med at det var eit oversyn over fordelinga av budsjettet på alle einingane i saksdokumenta.

– Eg etterlyser likevel eit oversyn over dei forskingssatsingane som Universitetsstyret sjølv har vedtatt å gi støtte til, som til dømes UiO:Demokrati og UiO:Energi og miljø. Det hadde vore fint å få ein oversikt over tidlegare disposisjonar som Universitetetsstyret har gjort for å gjera dei meir synlege, sa han. 

URYDDIG: Styrerepresentant Finn-Eirik Johansen  reagerte på at det var ei løyving til tannlegeunitar på prioriteringar for 2023:  – Eg synest det er uryddig.Det hadde vore betre å ettergi fakultetet ei gjeld på 5 millionar kroner, sa han.  (Foto: Martin Toft) 

Han peika også på Norsk senter for molekylærmedisin (NCMM) som heller ikkje er spesifisert i budsjettet.

– Eg reknar med at senteret får  øyremerkte pengar frå Universitetsstyret via Det medisinske fakultetet, sa Finn-Eirik Johansen.

Etter hans meining burde heller ikkje pengar til uniitar på odontologi gå over prioriterte satsingar for 2023.

– Eg synest det er uryddig. Det hadde vore betre å ettergi fakultetet ei gjeld på 5 millionar kroner. Uansett vil eg stemma for budsjettforslaget, understreka han.  

Forskingssatsingar ligg under fakultetsbudsjett

I svaret sitt stadfesta universitetsdirektør Arne Benjaminsen at budsjettet til UiO:Demokrati ligg inne i budsjettet til Det humanistiske fakultetet medan Norsk senter for molekylærmedisin (NCMM) ligg under Det medisinske fakultetet sitt budsjett.  Han forsvarte også valet med å ha innkjøp av nye unitar eller tannlegestolar til Det odontologiske fakultetet på grunn av den vanskelege økonomiske situasjonen det har vore i.

– Det har ein eigen historikk. Ansvaret vårt er at dei får høve til å gjennomføra oppgåvene sine på ein best mogleg måte. Derfor føreslår me å løyva 5 millionar kroner i 2023, og så må fakultetet ta resten, sa Arne Benjaminsen.

Men Finn-Eirik Johansen gav seg ikkje.

– Dette er ei heilt vanleg vedlikehaldssak, var han overtydd om. 

– Dette er ei uvanleg sak, og den er ikkje meint å skapa presedens, slo Arne Benjaminsen fast.  

– Fornuftig fordeling

Studentrepresentant Karl Oskar Lie Bjerke var nøgd med budsjettforslaget.

– Det er ei fornuftig fordeling. Eg har ingen problem med å stilla meg bak det, sa han.  Representant for dei vitskaplege tilsette Ingrid Lossius Falkum lurte på om det var naudsynt å gi like mykje til kvar av dei to forskingssatsingane UiO: Demokrati og UiO: Energi og miljø.

Ho fekk svar frå rektor Svein Stølen.

– Me har oppfordra UiO:Demokrati til å henta ressursar frå fakulteta. Eg vil oppfordra fakulteta til å delta i fellesutlysingar med UiO:Demokrati, sa han. 

Etter den ordvekslinga vedtok Universitetsstyret samrøystes det som blir eit sannsynleg UiO-budsjett for 2023. 

Fordelinga av 6,189 milliardar

Av den samla potten på 6,189 milliardar kroner som UiO reknar med det vil få som løyving frå Kunnskapsdepartementet, har Universitetsstyret allereie vedtatt prioriteringar til institusjonelle tiltak som når opp til åtte prosent av løyvinga frå KD. Det vil seia ein samla sum på 465 millionar kroner. Dermed blei det berre igjen ein pott på 42 millionar kroner til nye prioriteringar for 2023. Desse har Universitetsstyret no vedtatt skal  gå til satsingane UiO: Demokrati med 13 millionar og med sju millionar overført frå UiO-Norden frå tidlegare, får prosjektet til saman 20 millionar kroner, til UiO:Energi og miljø med 7 millionar no, og med ei tidlegare løvying på 13 millionar, får prosjektet til saman 20 millionar kroner. Det er også vedtatt ei løyving til nye tannlegeunitar for 5 millionar kroner for 2023 og nye fem millionar i 2024.

Det nasjonale prosjektet for sakshandsaming og arkiv får etter dette vedtaket  ei tildeling på 12 millionar kroner. FUiO har også lagt inn ein sannsynleg lønns- og prisvekst på 3,4 prosent i sine utrekningar. Det samsvarar med Statistisk sentralbyrå sin prognose for 2023.

Må betala husleige til OUS og AHUS

I budsjettdokumentet vert det dessutan trekt fram at UiO vil ha ein del oppgåver som må  løysast når det gjeld utgifter til auka drifts- og investeringskostnader til areal framover. Sidan UiO er ein av fem sjølvforvaltande institusjonar, vert det kravd at det må handtera oppgradering og vedlikehald av bygningar på eiga hand.

Innanfor denne utgiftssida har det kome eit nytt element. For då Helse- og omsorgsdepartementet la fram sitt budsjettforslag for 2019, blei det vedtatt at UiO må betala husleige for bruk av areal i Oslo universitetssykehus og AHUS. I budsjettkommentaren vert det understreka at dette bryt med ein 150 år lang tradisjon og at det beste dei kan håpa på er å få ein kompensasjon på 75 prosent av denne husleiga. 

Når det gjeld Livsvitskapsbygget som skal stå ferdig i 2024/25, skal det driftast innanfor rammene til UiO. Trass i at dritskostnadene til dagens kjemibygg og farmasibygg på Nedre Blindern blir lågare, vil driftskostnadane auka. Samtidig må UiO rekna med utgifter knytte til rehabilitering av bygningane på Nedre Blindern, står det i budsjettdokumentet.

Men for UiO handlar det også om inntekter. Dei blir delte inn i tre hovuddelar. 70 prosent er direkteløyvinga frå Kunnskapsdepartementet (basis), rundt 20 prosent er eksternt finansiert bidragsforsking frå Forskingsrådet og EU, medan dei siste 10 prosenta er sette saman av oppdrag av ulik art og billettinntekter frå musea. 

Reduserte inntekter frå resultatindikatorar

UiO har dessutan gjort ei førebels utrekning som viser at det vil få ei redusert utteljing på 67 millionar kroner i 2023 for dei åtte resultatindikatorane. Inntektene frå indikatorar som studiepoeng, kandidatar, utveksling og doktorgradar får ein reduksjon på 54 millionar kroner. Dei andre indikatorane som gjeld inntekter frå EU, NFR og bidrags- og oppdragsfinansiert aktivitet (BOA) og vitskapleg publisering vil få ein reduksjon på 13 millionar kroner.

Av budsjettdokumentet går det også fram at UiO må betala 15 millionar for programvarelisensar til Microsoft og for leveransar frå DFØ (Direktoratet for økonomistyring).

Trass i at straumprisane har stige for folk flest i Noreg, har ikkje UiO så langt lagt inn ei auka ramme til energi. Det er heller ikkje forslag om investeringar i nye bygg og IT i 2023, står det i budsjettdokumenta. Men potten som går til utgifter i samband med bygginga av nytt Vikingtidsmuseum, vil i 2023 utgjera 61,9 millionar kroner.

Dette er den samla fordelinga  på einingane av 2023-budsjettet på 6,189 milliardar kroner: 

VEDTATT: Universitetsstyret vedtok forslaget til stipulert UiO-budsjett for 2023. (Skjermbilete frå saksdokumenta)

Les også: UiO foreslår lavest mulig vekting av studentstemmer ved rektorvalg

• Les også: UiOs 2023-budsjett og Kierulf-forslag kjem opp i Universitetsstyret

• Les også: UiO-ledelsen sier nei til flere av Kierulf-forslagene

• Les også: UiO prioriterer satsingane Demokrati og Energi og miljø på 2023-budsjettet

Emneord: Universitetspolitikk, Økonomi Av Martin Toft
Publisert 21. juni 2022 15:58 - Sist endra 22. juni 2022 09:41
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere