Marianne Aasen skal leia opptaksutval

Ei kvinne står på ein stor plass

LEIER UTVAL: Tidlegare stortingsrepresentant for Arbeidarpartiet Marianne Aasen skal leia eit utval som skal sjå på opptakssystemet til høgare utdanning. (Arkivfoto)

Foto: Ola Sæther

Regjeringa har bestemt at Marianne Aasen skal leie utvalet som skal gå gjennom opptaksystemet til høgare utdanning, melder Kunnskapsdepartementet i ei pressemelding. Aasen jobbar som leiar for Simula School of Research and Innovation og har tidlegare mellom anna vore stortingsrepresentant i tre periodar for Arbeidarpartiet. – Eg gler meg til å bidra med å utvikle eit betre opptakssystem til høgare utdanning enn det vi har i Noreg i dag. Som samfunn er det mykje å hente, men også ungdommane sjølve og studiestadene vil vere tente med eit betre opptakssystem, seier Marianne Aasen.

– Eg er godt fornøgd med at Aasen har sagt ja til å leie dette arbeidet,seier  forskings- og høgare utdanningsminister Henrik Asheim (H).

Arbeidet til utvalet skal ende med ei norsk offentleg utgreiing (NOU), som skal leverast Kunnskapsdepartementet seinast 1. desember 2022.

Publisert 23. apr. 2021 16:49 - Sist endra 23. apr. 2021 16:49
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere