Går til søksmål - meiner Freia Boble er for lik Stratos

Mondelez seier at Freia Boble ikkje er ein kopi, mens Orkla meiner emballasjen boblar av likskapar. No hamnar saka i retten.

UEINIGE: Er Freia Boble for lik Stratos? Orkla og Mondelez er ueinige om det. Foto: Montasje / Freia og Nidar
UEINIGE: Er Freia Boble for lik Stratos? Orkla og Mondelez er ueinige om det. Foto: Montasje / Freia og Nidar

Stridens kjerne er om Freia Boble liknar for mykje på Nidar sin Stratos-sjokolade.

– Vi meiner Boble frå Mondelez er for lik den norske folkefavoritten Stratos. Den karakteristiske blåfargen er unik for den porøse Stratos-sjokoladen som har vore på marknaden i snart 90 år, seier Elisabeth Aandstad Ekheim til TV 2.

Ho er kommunikasjonsdirektør i Orkla Confectionery & Snacks Norge (OCSN), som eig Stratos-produsent Nidar.

– Som andre selskap er også vi opptatt av å beskytte merkevarene våre, som vi har investert mykje i over lang tid, legg Ekheim til.

Nettavisen skreiv om saka først.

FOR LIK: Orkla meiner at Freia sin Boble-sjokolade er for lik Stratos, ifølge kommunikasjonsdirektør Elisabeth Aandstad Ekheim. Foto: Orkla
FOR LIK: Orkla meiner at Freia sin Boble-sjokolade er for lik Stratos, ifølge kommunikasjonsdirektør Elisabeth Aandstad Ekheim. Foto: Orkla

Ueinige 

Sjokoladane har sine likskapar. Begge er mjølkesjokoladar med luftbobler, men der Stratos-emballasjen er blå, er Freia Boble-pakningen i hovudsak gul, med blå innslag.

Og det er mellom anna fargen partane er ueinige om. Orkla meiner at Mondelez har hatt til hensikt å etterlikne blåfargen på Stratos-emballasjen.

– Ved å dra vekslar på den unike blåfargen og assosiasjonane tilknytt denne, snyltar Mondelez på OCSNs innsats og resultat, står det i Orkla sitt sluttinnlegg til Oslo tingrett.

Orkla meiner i tillegg at «Stratos-blå står i fare for å bli degradert til ein kategorifarge for porøs sjokolade».

– Den rettsstridige tilnærminga byggast ytterlegare under av at bruken av ordet «boble» drar vekslar på Stratos’ slagord «Bobler av glede», og dessutan at det skapast eit inntrykk av at det eksisterer ein forbindelse mellom OCSN og Mondelez, står det i sluttinnlegget.

Striden mellom sjokoladeprodusentane hamnar altså i tingretten, og startar 15. april.

RETTSSAK: Sjokoladestriden skal opp i Oslo tingrett 15. april. Foto: Ingvild Gjerdsjø / TV 2
RETTSSAK: Sjokoladestriden skal opp i Oslo tingrett 15. april. Foto: Ingvild Gjerdsjø / TV 2

Mondelez: Ikkje eit kopiforsøk

Freia Boble blei lansert for første gong i 2012. Den avløyste då sjokoladen Porøs, som blei lansert i 2001. I 2016 blei også Freia Boble tatt av marknaden, før den blei relansert med ny emballasje i september i fjor.

– Det var nærast eit folkekrav om å få den tilbake, så den blei relansert under same namn i fjor, seier kommunikasjonssjef Øyvind Olufsen i Mondelez Norge.

– Orkla meiner de bevisst har brukt den blå fargen som er på Stratos-emballasjen?

– Freia boble er mjølkesjokolade med luft. Folk har ønskt det, og det er konkurranse på alle typar sjokolade. Det er ein konkurranse som vi og forhåpentlegvis andre ønsker velkomen, seier Olufsen.

– Dette er ei relansering, og er på ingen måte eit forsøk på å kopiere noko, legg han til.

RELANSERING: Kommunikasjonssjef i Mondelez, Øyvind Olufsen, seier at Freia Boble er ei relansering, og ikkje eit kopiforsøk. Foto: Privat
RELANSERING: Kommunikasjonssjef i Mondelez, Øyvind Olufsen, seier at Freia Boble er ei relansering, og ikkje eit kopiforsøk. Foto: Privat

Kommunikasjonssjefen seier at Freia Boble no er Noregs nest mest selde sjokoladeplate, etter Freia Melkesjokolade.

– Det har vore over all forventning. Vi er veldig stolte av at vi har laga ein sjokolade som har tatt heilt av i marknaden. Vi har hatt vanskar med å produsere nok, seier Olufsen.

Han seier at Mondelez er trygg i si sak.

– Orkla har tapt i patentstyret og klagenemnda då dei prøvde å patentere blåfargen. Vi imøteser rettssaka, og tar til etterretning at dei ønsker å gå til det skrittet. Så må det vere opp til retten å vurdere, seier Olufsen.

Merkevareekspert: Ikkje nødvendigvis kopi

Professor Tor W. Andreassen ved NHH seier at designet av emballasjane har visse likskapar. Samtidig er ikkje det så rart sidan produkta i utgangspunktet er ganske like, meiner han.

– Men dei visuelle forskjellane i fargeval, typografi og tilleggsbilde tilseier at kvart merke har jobba for å oppretthalde ein unik merkeidentitet, seier Andreassen til TV 2.

LIKT, MEN OGSÅ ULIKT: NHH-professor Tor W. Andreassen seier at det er visse likskapar mellom Freia Boble og Stratos, men at merka også har ein unik identitet. Foto: Gorm Kallestad / NTB
LIKT, MEN OGSÅ ULIKT: NHH-professor Tor W. Andreassen seier at det er visse likskapar mellom Freia Boble og Stratos, men at merka også har ein unik identitet. Foto: Gorm Kallestad / NTB

Han peiker mellom anna på fargekontrasten mellom produkta, at skrifttypen er forskjellig og at det er ulike grafiske element på emballasjane.

– Sjølv om det er ein overflatelikskap, hovudsakleg fordi begge produkta har bobler som ein sentral del av sin visuelle kommunikasjon, synest dei å formidle ulike merkepersonlegdomar gjennom emballasjedesignet deira, seier Andreassen.

Merkevarestrid

Det er ikkje første gong at norske snacks-produkt er involvert i rettssaker.

I 2016 tapte Maarud mot Orkla-eigde Kims i retten. Bakgrunnen for saka var at Maarud hadde varemerkeregistrert ordet «potetgull». Kims meinte dei ikkje kunne gjere dette, og tok saka til retten. Der fekk dei altså medhald.

To år etter tapte Nestlé i EU-domstolen, der dei forsøkte å få einerett på kjekssjokolade med fire striper, som produktet deira KitKat har. Målet til produsenten var å stoppe Freia-produserte Kvikk Lunsj, som har same design.