Vanylven kommune leitar etter ny administrativ toppleiar, etter at Gudmund Sandnes har sagt opp stillinga si frå februar.

Sandnes har vore rådmann i Vanylven sidan 2010. Kommunen har no seks kandidatar til å ta over rådmannsjobben.

Søkjarlista

Dei som har søkt er følgjande:

Andreas Christian Nørve (47), frå Fiskåbygd. Han er jurist og i dag konstituert rådmann i Vanylven.

Dag Ole Teigen (32), frå Risør. Han er oppvaksen i Vanylven. Teigen var stortingsrepresentant frå 2005 til i fjor haust, og har etter den tid gjort ferdig master i offentleg politikk og leiing.

Åse Elin Hole (52), frå Selje er fungerande og konstituert rådmann i nabokommunen Selje, der ho elles er kommunalsjef helse og omsorg.

Ingvard Haug (60), frå Manger er lektor ved Bergen Maritime skole, men har tidlegare jobba som rådmann i fleire kommunar.

Olav Fure (50), frå Volda. Han er i dag oppvekstsjef i Gloppen.

Kjetil Skjeie (51),  frå Risør. Han er sjølvstendig næringsdrivande.

Ville vere anonym

Fem av søkjarane ville vere opne om søknaden, medan den sjette først ikkje ville ha namnet sitt offentleggjort.

Etter oppmoding frå Sunnmørsposten, kontakta kommunen søkjaren og då valde også Kjetil Skjeie å vere open om at han hadde søkt stillinga.

Nøgd ordførar

Til avisa Synste Møre seier Vanylven-ordførar Jan Helgøy at han er nøgd med at såpass mange har søkt.

- Vi ser at små utkantkommunar ofte slit med å få søkjarar, men det er slett ikkje tilfelle her - og det gler eg meg over, seier Helgøy til Synste Møre.

Formannskapet skal ha møte tysdag og der vil ein drøfte prosessen vidare.