Engasjement. – Eg minnest godt desse åra på slutten av 1970-talet. Eg gjekk to år på handelsskule på Eid, og det var då eg vart skikkeleg politisk interessert. Eg fekk lov til å møte mitt politiske førebilete Erling Norvik nokre gonger då han reiste rundt i distriktet. Han hadde ein svært folkeleg måte å vere på, minnest Bjørn Lødemel.

På fornamn med alle.

Ingen tvil om at nettopp det folkelelege elementet er noko som han har gjort til sitt eige varemerke. Sunnmørsposten køyrer ein tur rundt i bygda saman med ordføraren i Hornindal dei siste 14 åra, mellom anna for å få sjå kor langt arbeidet med Kvivsvegen har kome, og legg merke til at Bjørn Lødemel er på fornamn med alle han møter. Hornindal er tydelegvis kommunen der alle kjenner alle. Nettopp Kvivsvegen trur mannen som har site lengst som ordførar i Hornindal nokon gong, vil få svært mykje å seie for kommunen.

Gullalder.

– Med Kvivsvegen går Hornindal inn i sin gullalder. Eg trur denne viktige vegen kan føre til folketalsvekst. Vi har både hus- og hyttetomter. Dette er kommmunen for det gode liv, reklamerer Bjørn Lødemel og legg til at Hornindal kjem til å verte knutepunkt for ein region på 70.000 innbyggjarar. Frå kontoret sitt i øvste etasje i det nokså nye kommunehuset med namnet Smia, har Bjørn Lødemel ein fantastisk utsikt over den djupaste innsjøen i Europa. Sjølvsagt med eigen sjøorm.

Har fått tillit.

– Eg føler at eg har fått ein fantastisk tillit hos folk i Hornindal i løpet av åra som ordførar. Det er ein god ballast å ta med vidare. Eg er veldig motivert til å ta fatt på nye oppgåver. Sogn og Fjordane Høgre er ikkje representert på Stortinget i dag, og vi er heller ikkje inne på meiningsmålingane. Vi må opp tre-fire prosent, og må jobbe hardt for å nå målet, seier Bjørn Lødemel. Då vi møtte han like før skuleslutt, stod han og familien klar til å reise til Bulgaria. Der skulle han lade batteria i 14 dagar. Så ventar ein heftig og begeistra valkamp heilt fram til valdagen 14. september. Dersom han får plass på Stortinget, lovar han å ikkje gløyme kvar han kjem frå. – Eg har alltid vore samfunnsinteressert og hatt eit sterkt ønske om å medverke til at det skjer ei positiv utvikling i kommunen, seier han.

Rike kulturtradisjonar.

Hornindal er ein kommune med svært rike kulturtradisjonar. Men Bjørn Lødemel spelar ikkje fele. Han spela i skulemusikken, lenger kom han ikkje. – Eg er stolt av kulturtradisjonane. Det er eit viktig fundament, ja ei kulturell bankbok, for dei som veks opp. Nokre av dei stoltaste augneblinka eg har hatt som ordførar, er når denne kulturarven har vorte presentert for eit større publikum, seier han. Han er svært tilfreds med at kulturen ikkje er statisk, men tvert om dynamisk og heile tida utviklar seg videre. I litt yngre år var Bjørn Lødemel ein aktiv volleyballspelar. Det heldt han på med i 20 år. Då vi kjem inn på fotball, er han snar å seie at han nok har sparka fotball, men ikkje spela.

Bokhandlaren.

Bjørn Lødemel er bokhandlar i tredje generasjon, og har derfor lange og travle dagar. Men han får det til å gå i hop. Før han tok over bokhandelen, arbeidde han 12 år i industrien, nærare bestemt hos Ekornes i Hornindal – Dette var fine og lærerike år. Ekornes var ei fantastisk bedrift å jobbe i, minnest han.

Brukar naturen.

– Kva gjer du på i fritida? – Då bruker eg den fine naturen, gjerne saman med familien. Det kan vere fjellturar, hjortejakt eller fiske i elva eller i vatnet. Hornindal har myke å by på, seier han.