Mellom anna  kjem Møre og Romsdal fylkeskommune til å få dekt rentene på  nye 131 millionar kroner til investering i samferdsel, og løyvinga til vedlikehald er auka med 28 millionar kroner til 78 millionar kroner totalt, opplyser statssekretær Jon Georg Dale. Fredag morgon kom han til Ellingsøy og fortalde nytt frå statsbudsjettet til lokale politikarar i Frp og Høgre.

Dette inneber at vegen Røyr- Hellesylt kan setjast i god stand og det sikrar framdrifta for Nordøyvegen, opplyser Frank Sve, som tok del under møtet.

Han la også vekt på at dette vil stoppe kutt i ferjedrift og det medfører at andre sektorar i fylkeskommunen ikkje vert så hardt ramma som det såg ut til.

- Det er imponerande kva Frp fekk til på tre veker når Sp ikkje greidde det på åtte år, seier Frank Sve.

Jon Georg Dale orienterte også om starten på nedtrappinga av formueskatten og at arveavgifta vert fjerna. Dette betyr at norske og utanlandske bedriftseigarar vert meir jamstelte.

- Eg skal ikkje garantere noko som helst, men den dagen det buttar imot har det litt å seie om den som eig ei bedrift bur her oppe i bakkane og ikkje i Italia, seier dagleg leiar i Brødr. Sperre, Inger Marie Sperre.

- Det er verre for ein frå bygda å leggje ned og seie opp folk enn det er for ein eigar som bur i Italia, la ho til.

Frå v.; Anita Vadset Valle (Frp), Elisabeth Røbekk Nørve (H), Jon Georg Dale (Frp), Inger Marie Sperre (H), Monica Molvær (H) og Geir Stenseth (Frp).