- Å stoppe eit prosjekt som dette og ta ut maskiner og utstyr, vil både fordyre og forseinke prosjektet mykje. Det finst pengar til å fullføre heile prosjektet, og no må minister Lisbeth Berg-Hansen ta affære, seier Røbekk Nørve.

Utdjupinga av det trafikkfarlege Åramsundet mellom Sande og Vanylven har starta opp, men berre eitt av dei to farlege områda i sundet vert utbetra no grunna ein tabbe av Kystverket. Tabben var at del to i prosjektet ikkje var med i planen som Stortinget tok stilling til.

Både del ein og del to av prosjektet vart lyst ut, men departementet greip inn og stoppa tilbodsrunden på del to. Dermed må den siste delen vente til neste planperiode 2014 – 2019, om ikkje minister Berg-Hansen nyttar seg av styringsretten og vedtek at heile prosjektet skal fullførast.

- Det finst pengar i systemet etter innsparingar på Lepsøyrevet og i fase ein av Åramsundet. For meg verkar det som handlingslammelse når departementet stoppar tilbodsutlysinga, seier Røbekk Nørve.

I eit spørsmål til fiskeri- og kystminister Berg-Hansen ber Røbekk-Nørve statsråden svare på om ho ser det som uheldig at eit allereie igangsett prosjektet ikkje vert gjennomført. I skrivet viser også Røbekk-Nørve til at prosjektet vart først planlagd som eitt prosjekt, men seinare delt i to av budsjettmessige årsaker.

Røbekk-Nøve har fått tilbakemelding på at spørsmålet ikkje vert svart på før etter 1. august.

- Vi har lenge vore plaga med fordyrande klatting når det gjeld vegprosjekt. I Åramsundet bør vi unngå dette, seier ho.

Kystverket skriv følgjande om Åramsundet i sin årsplan for 2011:

"Åramsundet ligger i Sande og Vanylven kommune i Møre og Romsdal. Det trange farvannet og kurvaturen på leden vanskeliggjør seilasen for større fartøy som skal passere. I tillegg gjør sterk tidevannsstrøm og dårlig oversikt seilasen krevende. Topografien i området fører til at møtende fartøy ikke blir observert i tide. Formålet med utbyggingen er å øke sikkerheten for sjøfarende samt forhindre miljømessige konsekvenser ved grunnstøting.”