Opning av Kvivsvegen om fire år er eitt av momenta som vil vere avgjerande for om det er grunnlag for å byggje ut Hornindal skisenter. – Vi må ikkje sitje med hua i handa. No må vi satse, meiner ordførar Bjørn Lødemel. Stort Mykje av det som skjer i Hornindal for tida handlar nettopp om å planlegge for ein heilt ny kvardag med Kvivsvegen. – Det som skjer med Kvivsvegen er så stort at eg trur ikkje folk skjønar kva sjansar som opnar seg, seier Lødemel. Testar bygda Laurdag inviterer Hornindal skisenter til møte om planane for vidare utbygging. – Vi ønskjer å teste ut om bygda er klar for eit utbygging, seier styreleiar i skisenteret, Sølve Kiviranta. Ei stolheis til minst 20 millionar er eitt av alternativa for utbygging, men skisenteret skisserer også andre og billigare løysingar. Uansett vil ei utbygging krevje både kapital og dugnadsinnsats. Konsulent Rolf Akselsen i firmaet Kaizen er no leigd inn for å lage ein rapport om marknad, økonomi og drift. Laurdag kjem han med tilrådinga si. – Rapporten til Akselsen vil vere retningsgivande for kva løysing vi går for, seier Kiviranta. Realisme – Er de budde på at Akselsen kan seie at de berre må gløyme ei utbygging? – Ja, vi er interessert i at det skal vere realisme i ei utbygging. Vi vil ikkje hoppe utfor eit stup der vi ikkje ser botnen, men vil gå sakte oppoverbakke og ha full kontroll, seier Kiviranta og legg til at han som styreleiar ikkje kan gå inn for ei utbygging utan skikkeleg grunnlag for ei avgjerd. Snøsikkert I bygda blir det mellom anna også jobba med planar om idrettshall, kunstgrasbane og småbåthamn. Alt dette er tunge lyft for ein liten kommune. – No må vi må peike på løysingar, få planane inn i køen og så realisere dei, seier Lødemel. – Vi kan få til mykje viss vi vil, meiner Kiviranta. Lødemel synest det er bra at skisenteret dreg inn ekstern ekspertise for å analysere. Sjølv vil han heller ikkje konkludere før han har fått konsulenten si vurdering. Ordføraren er likevel klar på at Hornindal no må satse. Med tunnel gjennom Kviven blir det raskt å kome seg til Hornindal frå søre Sunnmøre. Og skisenteret ligg i eit område som Lødemel kallar det mest snøsikre på heile Nordvestlandet.