Den siste saka var statsminister Jens Stoltenbergs utspel om ekstra milliardar til veg og samferdsle denne veka, der Senterpartiet straks ville ta all ære. – Ikkje før var utspelet kome, så skal Senterpartiet skryte på seg æra. Dette er toppen av frimod, frå eit parti der dei også må ha frekkheitas nådegåve, seier Gjelseth. Han siktar til samferdslestatsråd Liv Signe Navarsete sjølv, men også til framståande Sp-folk som Oddbjørn Vatne i Møre og Romsdal fylkesting og Jenny Klinge, som er vararepresentant i Stortinget. Intens jobb. – Dei går ut i radio, fjernsyn og aviser og vil ha det til at deira parti har sikra dei ekstra pengane. Sanninga er at dei kjem etter intens jobb i Arbeidarpartiet. Statsministeren har lytta til fylkespartia i det ganske land og stortingsgruppa, som står samla i synet på at landet treng veg. Han har registrert korleis det kokar, seier Gjelseth. Han opplyser at langt fleire enn han sjølv er irritert. – Torstein Rudihagen som er vår fraksjonsleiar i Transport- og kommunikasjonskomiteen i Stortinget, er heilt samd med meg. Vårt parti har seks representantar i denne komiteen. Partiet har samla klart å få vegkravet fram til Jens Stoltenberg, hovdingen, som er våre fremste mann, seier Gjelseth. Ikkje åleine. Han minner om at Senterpartiet ikkje sit åleine i den raudgrøne regjeringa, slik om det tidvis kan sjå slik ut. – Dei har rett nok samferdsleministeren. Det gjev dei lett match. Men etter kvart er det blitt typisk for Senterpartiet å henge seg på politiske utspel frå andre. Dette irriterer meg, seier Gjelseth. For stor trøye. Han er sjølv høgst aktuell til å aksle førsteplassen på Arbeidarpartiets liste til stortingsvalet neste haust. Den tidlegare ordføraren i Herøy meiner politikarane frå Senterpartiet opphøgjer seg sjølv vel mykje. Som varamann har han det meste av denne perioden hatt plass nettopp i transportkomiteen i Stortinget. Han avskriv ikkje Liv Signe Navarsete som ein framifrå og dugande statsråd for samferdsle. – Men fleire i partiet hennar tek nok på seg ei trøye som er litt for stor. Eg må seie at Sp er heilt rå til å ta på seg ære som andre skal ha, seier Gjelseth. Samarbeid. Han meiner at også for Senterpartiet er det i det lange løp mest lønsamt å dele æra for gode utspel med andre. Regjeringa er trass alt eit samarbeidsprosjekt. Sp må ikkje gløyme at samarbeidet også er grunnen til at dei sjølv sit i regjeringa, seier han.