Men ho understrekar at NHO Møre og Romsdal ikkje blandar seg inn i nominasjonsprosessen i noko politiske parti.

– Kven som skal stå på topp og på dei første plassane, overlet vi sjølvsagt til nominasjonsmøta i partia. NHO ynskjer ikkje å leggje føringar, seier ho.

Men på direkte spørsmål frå Sunnmørsposten om det er slik at Elisabeth Røbekk Nørve har stor støtte frå næringslivet, svarar Torill Ytreberg at sett med hennar auge er dette rett.

Torill Ytreberg opplever det slik at NHO Møre og Romsdal gjennom mange år har hatt eit godt og fruktbart samarbeid med Mørebenken. Det gjeld alle politiske parti.

– Sist det var stortingsval kom det mange nye frå Møre og Romsdal på Stortinget, og for fleire var læringskurva bratt. Vi bør ikkje skifte ut alle representanane på ein gong. Om vi skal klare å oppnå tyngde og få gjennomslag for viktige saker, er det viktig å behalde kontinuiteten, seier NHO-direktør Torill Ytreberg.

Sjå også: Kjempar for stortingsplass