Det seier dagleg leiar for Runde Miljøsenter, Nils-Roar Hareide, til Sunnmørsposten.

Kan få pengar frå staten

–  Havbruksfondet vil gi kommunar 80 prosent av inntektene frå nye konsesjonar. Dette er ei sak som heile kysten vil bli opptatt av. Dei områda som kan kome opp med areal og legge til rette for fiskeoppdrett vil få mange pengar. Ein snakkar om fleire milliardar kroner til kystkommunanene.

Fredag overleverte Hareide næringsanalysen som syner moglegheitene i å utvikle sjøareala til dei fem kommunane Hareid, Ulstein, Herøy, Sande og Vanylven.

Rapporten markerte inngang til neste fase; å lage ein kystsoneplan for dei fem kommunane.

– Må legge ut areal

– Her  har vi mykje areal og gode moglegheiter for oppdrett. Men det krev at kommunane legg ut areal. Det kjem no gjennom kystsoneplanen.

Tareoppdrett er ikkje så utvikla, men er heilt klart mogleg. Det er kome igang prøveprosjekt, men det er ein del opp og fram der også. Lakseoppdrett er her også areal til.

Der er også store moglegheiter innan restråstoff som ikkje er tatt i bruk. Det er snakk om fleire tusen tonn som ein kanskje betaler 15-20 kroner kiloet for. Så får dei betaling for å frakte det til ein sildoljefabrikk, for eksempel Vedde, påpeiker Hareide.

Slit for å få nok råstoff

– Vi må begynne å fokusere på kva vi kan gjere for å oppretthalde anlegga. Her er også mykje å gjere på innanlands distribusjon av fersk fisk.  Det har vore eit problem i mange år.

To kvitfiskprodusentar slit med å få nok råstoff. Det kjem ikkje så mykje skrei sørover og kystflåten reiser i mykje større grad nordover. I tilleg er det kome omsetlege kvoter i kystflåten. Kystflåten og råstoffet har begynt å fare til Nord-Norge.

Her er også store moglegheiter for å utvikle dette området som gourmetområde på fisk. Men der er det igjen eit heilt puslespel å få tak i råstoffet. Da har med salsapparatet å gjere. Her er mykje å gjere på å utvikle omsetningssystem, produktutvikling og å utvikle råstoffet bedre, konkluderer han.

Unike marine grunnkart

– Dei er fem kommunar som deler på sjøareal. No tar fordelinga av areala til. Arbeidet med kystsoneplan skal skje i fellesskap, fortel Mona Gilstad. Ho er tilsett i 50 prosent stilling som prosjektleiar og har lang og brei erfaring med å utarbeide tilsvarande planar.

Gilstad seier dei marine grunnkarta for Søre Sunnmøre, som allereie er utvikla i regi av RMS og NGU,  gjev eit kunnskapsgrunnlag for den nye kystsoneplanen som ingen andre har.

Om eit par år skal kystsoneplanen vere klar for politisk handsaming.

– Kry av Runde Miljøsenter

– Eg er veldig kry av det arbeidet Runde Miljøsenter har gjort. Dei er eit fyrtårn for heile området og har stått på for å få dette til, seier ordførar Lena Landsverk Sande frå Vanylven. Ho har veldig tru på at dei fem kommunane skal få til ein god plan som dei kan byggje vidare på.

– Eg trur dette vil bli veldig bra både for næringsliv og miljø, meiner ordførar Anders Riise i Hareid og syner til at kommunane allereie har samarbeida mykje mellom anna gjennom sjustjerneprosjektet. – Når vi ikkje klarte å få til ein kommunereform der vi slo oss saman, er dette vegen å gå, tilføyer han med eit lite smil.

– Kamp om sokkelen

– Dersom vi ser på sokkelen utanfor Møre og Romsdal ser vi kor utruleg smal den er. Både sør og nord for oss er den breiare.

På denne sokkelen skal det vere farled for skipstrafikken, her skal vere utvinning av olje og gass, oppdrett, havvind og bølgjekraft. Så kjem vi no med den marine næringsanalysen og kystsoneplanen med idear om korleis vi kan nyttiggjere oss av denne sokkelen på ein framtidsretta måte. Her blir ein kamp om areala, konstaterer arbeidarpolitikar frå Herøy, Svein Gjelseth.

– Det er viktigare enn nokon gong at vi har gode planar som varetar interessene og som kan syne at det vi skal gjere er berekraftig i framtida.

– Ser lyst på det

–  Det arbeidet vi har gjort til no med grunnkart og næringskart har opna for nye moglegheiter inn i framtida. Næringsplanen syner berre  bruddstykker av kva som er mogleg. Eg ser veldig lyst på det, seier Arnljot Muren, som sit i Sande formannskap for Arbeiderpartiet.

No er det å lage ein arealplan å planleggje for framtida. Det er viktig å ikkje låse seg for mykje. Men eg trur kanskje at ein av dei viktigaste faktorane i framtida blir turisme. Fordi her er så store muligheiter for folk som ikkje har opplevd å leve i eit samfunn som dette.

Men det er klart vi skal leve av havet.

Hobbyfiskar

No har dei marine grunnkarta blitt digitalisert. For meg som hobbyfiskar er det fantastisk å få sjå korleis botn ser ut der nede etter kvart som du beveger deg utover havet. Slikt har vi aldri sett før, seier Arnljot Muren.

Overlevering av næringsplanen. Foto: Inger Otterlei.