NAMNESURR. – Telefonar får eg heile året, men det har blitt ekstra mange no etter valet, smiler Bjørn Inge Lødemel. Gratulasjonane begynte allereie på valdagen om kvelden, og telefonar og meldingar har i dagane etterpå kome frå heile landet. Til og med frå Svalbard. Ap-mann. Vanlegvis svarer Bjørn Inge tekstmeldingane med "feil Bjørn", men dagen etter valet blei det så mange at han gav opp å svare. Når telefonen ringer, svarer han så høfleg han kan. – Mange er litt usikre og spør om det er Høgre-mannen dei snakkar med. Då svarer eg "langt derifrå". Eg er ingen Høgre-mann, fortel Bjørn Inge, som er sauebonde og har stemt Arbeidarpartiet i alle år. Blir fleire. Dei to Bjørnane i Hornindal deler ikkje politisk syn, men Bjørn Inge gratulerer likevel den andre Bjørn med stortingsplassen. – Og no blir det vel endå fleire telefonar. Eg har fleipa med ordføraren og sagt at om han kjem på tinget, må eg ha litt av løna hans også, seier Bjørn Inge som også ofte får breva og rekningane til ordføraren. Skjenn. Telefonane har kome frå utflytte honndøler, framståande Høgre-folk og mange ukjende. Men Erna Solberg har ikkje ringt – ho har nok allereie rett nummer lagra på eigen telefon. – Dei fleste telefonane er hyggelege, men eg har fått refs også, fortel han og legg til at han aldri har fått så mykje skjenn som ein gong ein kar trudde han hadde ordføraren på tråden.