Bjørn Lødemel har nemleg også teke på seg vervet som leiar i Hornindal næringslag. Og i helga arrangerer laget dei tradisjonsrike Kulturdagane.

– Dette er noko bygda har glede og nytte av. Då eg blei spurt om å vere leiar i laget, tykte eg det kunne vere artig å bruke fritida til frivillig arbeid i heimkommunen, smiler Lødemel.

Viktig

For tida er det valkamp for fullt for Høgre-mannen som satsar på attval til Stortinget. Men dugnad for Kulturdagane tek han seg tid til, saman med ei rekkje andre lokale krefter.

– Kulturdagane har hatt god oppslutning og vore vellukka i 21 år. Dette er også eit viktig arrangement for lag og organisasjonar i bygda, seier Lødemel.

Blant anna er idrettslaget leigd inn for å vere vakter. Det er også mange andre grupper som på ulikt vis skaffar seg gode inntekter.

Kvivsvegen

I september i fjor opna Kvivsvegen. Truleg har det aldri før vore samla så mykje folk på ein gong i Grodås sentrum. Årets Kulturdagar blir det første etter at tunnelen opna. Og dette knyter det seg ekstra forventning til.

– Vi tek høgde for at det kjem fleire tilreisande i år enn før, seier Lødemel og legg til at dei mellom anna legg til rette for bubilcamping.

Lødemel trur ikkje at det blir like mange gjester som under Kvivsveg-opninga i fjor, men potensialet er der:

– Vi ønskjer å vere ein samlingsplass og eit knutepunkt mellom regionar, seier Lødemel og ønskjer alle velkomne til eit program som skal vere for ein kvar smak.

Utedansar

Både fredag og laurdag kveld blir det utedans i Groparken ved Hornindalsvatnet.

Fredag spelar Bjørns orkester opp – men det er utan stortingsmannen Bjørn. Derimot er det Bjørn Kalvatsvik som har gitt orkesteret namn, og han har røter frå andre sida av Kviven.

På programmet i år står også Honndalstausene, som har vore ein viktig del av kulturlivet i Hornindal i fleire tiår. Musikarane bur ikkje i bygda i dag, men søndag samlast dei og markerer 30-årsjubileet med gratiskonsert.