Hopp til innhold

Vil behalde Lødemel på Stortinget

Nominasjonsnemnda i Høgre foreslår Bjørn Lødemel på førsteplass på lista til neste års stortingsval.

Bjørn Lødemel

PÅ TINGET: Bjørn Lødemel er Sogn og Fjordane Høgre sin representant på Stortinget. Der vil både han og partifellene at han også skal vere i neste periode.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Bjørn Lødemel var også førstekandidat ved sist val, og kom inn på Stortinget på utjamningsmandat.

Nominasjonsnemnda har ikkje gjort noko med dei neste plassane på lista.

– Her vil partiet følgje tradisjonell praksis med innspel frå lokallaga, seier leiar i nemnda Onar Osland.

– Inspirerande

Lødemel seier det er stor skilnad på å gå sommaren i møte som ynskt toppkandidat, og det å ikkje vite kven partiet ynskjer å ha som listetopp.

– Eg tykkjer det er veldig inspirerande, og eg er glad for tilliten nominasjonsnemnda og lokallaga har vist meg, seier Lødemel.

Vil i regjering

Ved neste stortingsval misser Sogn og Fjordane eitt stortingsmandat på grunn av folketalsutviklinga.

Lødemel legg ikkje skjul på at han håpar på ein ny periode, og då for eit parti i regjering.

– Høgre har sett seg veldig hårete mål. Det eine å behalde mandatet og minst like viktig å få Høgre i regjering, seier han.