Hopp til innhold

Arbeid for alle

Arbeid til alle er den viktigaste saka for Arbeiderpartiets Arild Stokkan-Grande.

Arild Stokkan Grande (Ap)
Foto: NRK

– For Trøndelag sin del handlar det om meir kraft og betre infrastruktur. I tillegg til å sikre verksemdene som eksisterer i regionen vil dette føre til at fleire ønskjer å etablere nye arbeidsplassar og også busette seg i vår region, seier Arild Stokkan-Grande til NRK Trøndelag.

Enkelt val

Arild Stokkan-Grande var aldri i tvil då han skulle velje kva parti han ville representere.

– Arbeiderpartiet er det einaste partiet som har ein god politikk både for å skape verdiar og for å dele godene. I tillegg er eg svært opptatt av rettferd og at alle skal ha like mulegheiter til å leve gode liv. Denne kombinasjonen har ingen andre parti. Eg trur det kjem ekstra tydeleg fram no under finanskrisa, seier Stokkan-Grande.

Kva er viktigast for deg i valet av politiske samarbeidspartnarar?

– Det viktigaste er ikkje partia, men at dei vil støtte oss i kampen for eit samfunn der alle får mulegheit til å leve gode liv; eit samfunn med rettferd, nestekjærleik og livskvalitet. Parti som skal samarbeide med oss må støtte ein betre offentleg skule, der alle elevar blir sett og høyrd, arbeid til alle, der arbeidstakarane sine rettar er sikra. Dei må også støtte ein trygg og verdig eldreomsorg, med betre kvalitet, trygg tilgang på legar og fleire tilsette som har tid til den gode samtalen, seier Stokkan-Grande.

Framleis raudgrønt

Arild Stokkan-Grande blei valt som vararepresentant til Stortinget frå Nord-Trøndelag i 2005. Han møter fast mens Bjarne Håkon Hanssen er i regjering.

– Vi går til val på framleis raudgrøn regjering. Ei fleirtalsregjering gir oss mulegheit til å halde fram arbeidet med å gjere Noreg til eit betre land og til å handtere verknadane av finanskrisa.

Kva parti vil du samarbeide minst med?

– Framstegspartiet gjer aldri noko forsøk på å få gjennomslag for sin politikk. Dei er berre opptatt av å markere seg. Det er trist, særleg i ei tid der mange fryktar for jobben sin. Frp vil dessutan skape eit Noreg som liknar meir på USA. Difor er nok Frp det partiet vi framleis kjem til å samarbeide minst med, legg Stokkan-Grande til.

Problem med rovdyrleiinga

Arild Stokkan-Grande meiner det bør avgjerast lokalt om vegutbygginga i Trøndelag skal finansierast med bompengar.

Han meiner det også bør vere lokale krefter som avgjer om kommunar skal slå seg saman i regionen.

Kva er ditt syn i rovdyrpolitikken?

– Problemet i rovdyrpolitikken er først og fremst forvaltinga. Oppbygging av rovdyrbestandane går for raskt og dei som bur i områda føler at uroa dei har, ikkje blir tatt på alvor. Forvaltinga må skjerpe seg. Det er grunn til å tru at vi har nådd bestandsmåla i Midt-Norge, og difor bør ein alt no overlate forvaltinga av artane til den regionale rovviltnemnda. Skadedyr må tas ut straks, og det må ikkje herske nokon tvil om retten til å verne om både husdyr og kjæledyr, understrekar Stokkan-Grande.

Send epost til Arild Stokkan-Grande (lenke til epost)
Møt Arild Stokkan-Grande på Facebook
Besøk Arild Stokkan-Grandes blogg