Sjå valresultatet for Hornindal
Bjørn Lødemel har tapt oppslutnad.
Sitjande ordførar Bjørn Lødemel frå Høgre må berre innsjå at partiet går tilbake med over tre prosentpoeng til 29 prosent oppslutnad. Lødemel har vore ordførar i Hornindal gjennom åtte år. Signhild Dyrkolbotn er trygdesjef i kommunen og har tidlegare vore rådmann i Hornindal.
Høgre og Senterpartiet har vore jamstore i kommunestyret med seks representantar kvar tidlegare. Med dette resultatet får Senterpartiet sju og Høgre seks medlemer der.