Hopp til innhold

Nordtun held ikkje fram som leiar

Det blei for mykje for Tore Nordtun å kombinera stortingsjobben med å vera leiar for konfliktfulle Stavanger Ap.

Tore Nordtun

FERDIG: Under eitt år etter Tore Nordtun blei vald inn som ny leiar i Stavanger Ap melder han at han ikkje vil stilla til attval.

Foto: Holm, Morten / SCANPIX

Tore Nordtun stiller ikkje til attval som leiar for Stavanger Arbeidarparti, skriv Stavanger Aftenblad.

Det var i februar Nortun overtok leiarposisjonen i partiet, som sleit med interne konfliktar.

Skulle samla partiet

Han sa då at han var førebudd på å kombinera oppgåva med jobben sin på Stortinget, og han blei motteken som mannen som skulle samla partiet.

Slik blei det ikkje. I tida hans har både Hilde Karlsen og Anne Torill Stenberg Lura meld seg ut av partiet, og sit nå i bystyret som uavhengige representantar.

– Det var veldig mykje arbeid i Stavanger i tillegg til Stortinget, derfor bedde eg valkomiteen om å finna fram ei ny leiing, seier han.

Dermed blir ikkje den røynde politikaren å finna på stemmesetelen til neste årsmøte.

– Det har vore veldig krevjande sidan eg skal kombinera dette med ein veldig triveleg jobb inne på Stortinget. og eg ser at eg ikkje får dagane til å strekka til om eg skal gjera begge delar, seier Tore Nordtun til NRK.no.

Sjå arkivvideo – Nordtun blir ny leiar

Video Nordtun valgt til ny leder

►SJÅ VIDEO: Her blir Tore Nordtun ny leiar i Stavanger Ap i februar i år.