Hopp til innhold

– Kjenner meg degradert til ein B-medlem i Arbeidarpartiet

Eva Kristin Hansen har vært medlem av Trøndelag Arbeidarparti i over 30 år. Men ei vedtektsendring i partiet kan føre til at medlemsskapet hennar styrkar makta til Akershus på landsmøtet.

Eva Kristin Hansen

Stortingsrepresentant Eva Kristin Hansen (Ap) fryktar forslaget frå sentralstyret i Arbeidarpartiet.

Foto: Terje Bendiksby / NTB

Sentralstyret i Ap har foreslått å endre vedtektene til partiet, slik at representasjonen til landsmøtet blir avgjort ut frå kvar medlemmane er folkeregistrert, og ikkje kvar dei er medlem.

Forslaget kjem opp samstundes med at lokallaget Nidaros sosialdemokratisk forum, leia av Trond Giske, på kort tid har blitt eitt av dei største lokallaga i Arbeidarpartiet. Men berre rundt halvparten av dei knapt 3000 medlemmane bur i Trøndelag.

Les også Giskes lokallag vil ha større del av medlemspengene

Nærbilde av en veldig smilende Trond Giske. Han snakker i en mikrofon som han holder i den ene hånden.

Med dagens vedtekter styrkar det trønderbenken på landsmøtet til Ap. Men med det nye forslaget, blir medlemmane som ikkje er busette i Trøndelag fordelte på kommunane der dei er folkeregistrert.

Forslaget blir truleg vedteke på landsmøtet i mai.

Kjenner seg degradert

Ein av dei som kjem til å bli ramma av endringa er stortingsrepresentant Eva Kristin Hansen. Ho har vore medlem av Trøndelag Arbeidarparti sidan 1989, og har representert Trøndelag på Stortinget sidan 2005.

– Det er Trøndelag eg har jobba for og med, og som eg er folkevald for.

Eva Kristin Hansen

Hansen har representert Trøndelag på Stortinget i snart 20 år.

Foto: Cornelius Poppe / NTB

Men den tidlegare stortingspresidenten har funne seg kjærast frå Akershus, og er busett der. Difor vil ho med det nye forslaget bli telt som ein del av Akershus når delegata blir fordelt til landsmøtet om to år.

– Eg kjenner meg degradert til ein B-medlem av Arbeidarpartiet. Det gjer meg vondt at eg skal bli ein del av delegasjonen til Akershus Ap når vi kjem til neste landsmøte, seier ho til NRK.

Ho har også meldt problemstillinga inn via fylkespartiet sitt i Trøndelag.

Kommentar Problemet Trond Giske

Trond Giske står alene midt i bildet og ser alvorlig ut. Han har en kaffekopp i hånda. Bildet er tatt under et medlemsmøte til Nidaros sosialdemokratisk forum på Folkets Hus i Trondheim.

Forsvarar forslaget

Men Arbeidarpartiets partisekretær Kjersti Stenseng meiner Hansen framleis kan engasjere seg og representere Trøndelag, sjølv om ho er busett på Austlandet.

– Eva Kristin Hansen kan vere aktiv i Trøndelag Arbeidarparti, ho kan sitte i styret i Trøndelag Ap, delta på møter og ha stemmerett. Ho kan også vere delegat frå Trøndelag. Men ho bur og har adresse i Ski, Nordre Follo, og då tel representasjonen hennar der ho bur.

Kjersti Stenseng

Partisekretær i Arbeidarpartiet, Kjersti Stenseng, forsvarar forslaget til endring i vedtekter.

Foto: ISMAIL BURAK AKKAN / NRK

Torsdag kveld møtte Stenseng blant andre Trond Giske til debatt i NRK. Der forsvarte ho forslaget.

– Ved å melde seg inn i eit politisk parti får du nokre rettar og nokre plikter. Og det at representasjonen din tel i kommunen der du er folkeregistrert, du kan for eksempel berre stille til liste der du er folkeregistrert, så det er ikkje ein tilfeldig modell.

Les også Trekker seg fra lederkampen i Trondheim Ap

Jørn Arve Flått

Fryktar medlemmar forsvinn

I Debatten peika Giske på at forslaget har vore oppe på landsmøtet tidlegare, men då har det blitt avvist fordi ein ikkje skulle kvele engasjement.

– Då var det Oslo som hadde mange medlemmar frå andre delar av landet. Men no er det brått Trondheim og Nidaros, og då blir det viktig å få gjort noko med det.

Trond Giske og Kjersti Stenseng

Trond Giske leiar i dag eitt av dei største lokallaga i Arbeidarpartiet.

Foto: ISMAIL BURAK AKKAN / NRK

Han viser til at lokallaget hans har klart å skape engasjement og interesse for politikk. Mange av dei nye medlemmane har aldri politisk aktive eller medlemmar av eit politisk parti tidlegare. Giske fryktar forslaget skal føre til at mange mister gnisten.

– Eg er redd for at du mister medlemmar, Kjersti, og det taper Arbeidarpartiet på, seier han.

Opprinneleg stod det i denne saka at ein av grunnane til at forslaget til Ap kom no er at lokallaget Nidaros sosialdemokratisk forum på kort tid har blitt eit av dei største lokallaga i Ap. NRK presiserer at Ap starta på dette arbeidet før veksten til lokallaga starta.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger