Svein Gjelseth sit no i Kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen, men seier at han ikkje vil renominerast.
– Eg har gjort ei totalvurdering og funne ut at etter 30 år i politikken, er det nok, seier Gjelseth.
Var i tvil
Men det måtte litt tenking til, før han bestemte seg. Gjelseth innrømmer at han var i tvil om kva han skulle gjere, fordi han trivast så godt på Stortinget. Han meiner Stortinget er den beste staden å vere som politikar, fordi ein der får høve til å jobbe med saker ein brenn for.
LES OGSÅ:
Meir tid med familien
– Sjølv om det er kjekt og spanande, har eg stor familie og lyst å vere meir saman med dei på heimebane, seier Gjelseth.
Han har vore med i kommunestyret i Herøy sidan 1984, og skal framleis drive lokalpolitikk.
Står utan jobb
Kva blir vegen vidare?
– Eg sa jo opp jobben min og har ikkje nokon fast jobb å gå tilbake til. Men livet har lært meg at den som likar å stå på, alltid får noko å gjere, seier Gjelseth.
Stortingsrepresentantane Else May Botten, Tove Lise Torve og vara Eva Vinje Aurdal har takka ja til renominasjon.