Hopp til innhold

Håper på fysisk møte

Det neste fylkestinget kjem truleg til å bli halde som eit fysisk møte i Geiranger. Det seier fylkesordførar Tove Lise Torve (Ap). Det blir første gong sidan desember at politikarane kan møte kvarandre fysisk i fylkestinget. – Målet er å ha ei samling 12–13 oktober om smitten framleis er under kontroll i Møre og Romsdal. Vi veit jo sjølvsagt ikkje korleis situasjonen er då, men vi håper at vi kan møtast fysisk, seier Torve.

Fylkesordførar Tove Lise Torve (Ap)
Foto: Synnøve Hole / NRK

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL