Hopp til innhold

Stortingspolitikar med kraftig oppgjer mot trakassering

MOLDE (NRK): Stortingsrepresentant Else-May Botten (Ap) tek eit kraftig oppgjer med den seksualiserte trakasseringa ho møter som politikar på topp-plan. – At eg er hyggeleg, tek folk i handa og ser dei i auga betyr ikkje at eg elskar dei, seier ho.

Stortingsrepresentant Else-May Botten fra Arbeiderpartiet.

Else-May Botten representerer Arbeidarpartiet på Stortinget. I fleire år som politikar har ho opplevd seksuell trakassering frå menn.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix

I dag viser den profilerte arbeidarpartipolitikaren fram ein SMS frå ein mann ho har hatt jobbrelatert samarbeid med i mange år. Mannen er gift og meldinga kom til Botten nyttårsaftan.

– Meldinga gjorde meg rett og slett forbanna, seier Else-May Botten.

SMS-melding Else-May Botten

Dette er ei av meldingane Else-May Botten har fått til telefonen sin.

Foto: Avfotografer SMS / NRK

– Dette er frå ein man eg berre har eit arbeidsforhold til. Dette er ikkje greitt i det heile teke, seier Botten og er rysta.

Tok kontakt med firmaet

Botten tok kontakt med sjefen i firmaet der mannen jobbar. Hendinga skal ikkje ha fått følgjer for tilsetjingsforholdet hans. Men han slutta å sende å sende meldingar.

– Poenget er at ein må ta ei runde og få folk til å skjerpe seg. Når dei ikkje gjer det må det brukast sterkare lut.

– Koplar inn PST

Botten understrekar at ho som politikar må vere budd på å møte mange slags menneske. Men nokre går lenger enn andre. Og no varslar ho PST i ei sak.

– Det gjeld ein mann som har kontakta meg over lang tid og som ikkje ser ut til å slutte. Det er ikkje OK når ein blir redd for å bevege seg frå A til B, seier Botten.

Botten har også tidlegare kontakta PST. Den gongen galdt saka truslar mot henne i ei betent politisk sak i heimfylket Møre og Romsdal.

På reise med næringskomiteen

I intervju med NRK fortel Else-May Botten også om ei hending då Næringskomiteen i Stortinget skulle møte tilsvarande komite i India. Dei to komiteane sat i møte og drøfta politikk.

– Brått oppdagar eg at ein mann tvers over for meg ser på meg. Han byrja å skrive på eit papir, gjev det til rådgjevaren sin og peikar. Eg får DET kjærleiksbrevet. Det var absurd å få noko slikt midt i eit seriøst møte.

– Burde halde bileta for seg sjølve

Sjølv om dei verste eksempla ikkje stammar frå parti, Stortinget eller i miljøa kring departementa og regjeringa, fortel Botten om opplevingar også frå desse miljøa.

– Eg har fått meldingar og bilete frå slikt hald også og eg tykkjer folk kunne ha halde desse bileta for seg sjølve. Og då kan du tenkje deg kva slags bilete dette er, seier den profilerte politikaren.

Botten seier til NRK at ho legg fram sine eigne historier for at folk skal skjøne at trakassering ikkje er greitt.

– Både politiske parti, næringslivet og einskildpersonar må snakke om dette. #metoo-kampanjen har gjort det lettare å ta opp slike saker. No er det merksemd kring trakasseringa over heile verda, seier stortingspolitikaren.