På ein av dei siste dagane med permisjon frå politikarlivet går stortingsrepresentanten ned Løwenvoldgata i heimbyen Ålesund. Ho sakkar farta når vi nærmar oss krysset til Kongens gate. Ein tiggar sit og held fram koppen sin.
– Dette er så trist og så vanskeleg. Men tigging kan ikkje vere løysinga for desse menneska. Og det må stå meir ressurssterke folk bak som organiserer dette, seier ho i det vi går forbi.
– Ikkje avhengige av hjelp frå staten
Vi går til det nye monumentet «Nyskaperen» på Dronning Sonjas plass ved Brosundet i Ålesund. Den 5,5 meter høge monumentet er ei gåve til Ålesund frå næringslivet i området. Det er ei stor utgåve av statuetten som kvart år blir gjeve til kreative og nyskapande bedrifter i denne delen av landet.
– Vi har eit fantastisk næringsliv i Møre og Romsdal. Og det er bygt på kreativitet og innovasjon. Vi har ikkje vore mykje avhengige av hjelp frå Staten her hos oss. Eg er så stolt over næringslivet i Møre og Romsdal, seier ho og smiler.
- Les også:
- Les også:
Miste mannen sin
Men alt har ikkje vore berre smil og glede for Elisabeth Røbekk Nørve. I januar 2012 miste ho mannen sin. Midt i sorga heldt ho fram arbeidet sitt i politikken. Frå månader seinare vart heimen hennar totalskadd i brann. Opp på dette opplevde ho marerittet da ho køyrde på en fotgjengar.
Det går fint med fotgjengaren, men for Elisabeth Nørve blei summen av alt ei svært tung belastning. Til slutt blei ho sjukmeld.
– Ein ting var å misse heimen. Noko heilt anna, og mykje, mykje tyngre, var det å misse mannen min. Det var svært tungt. Og eg tok meg ikkje nok tid til å bearbeide sorga, seier ho.
– Valde å fortelje om det
Dei som stod Elisabeth Røbekk Nørve nær visste sjølvsagt kva som hadde skjedd. Men dette var ikkje noka historie som var allment kjend. På forsommaren valde ho likevel å stå fram og fortelje om den tunge tida.
– Eg var skeptisk til å fortelje om dette offentleg. Men eg valde å gjere det, seier ho.
Ho fortel at ho terngte tid til å kome seg gjennom alt det tunge. Ho har hatt god hjelp av både vener og familie. Også profesjonell hjelp har vore til nytte, fortel ho.
– No har eg kome meg ovanpå igjen, og er klar til å kaste meg inn i valkampen, seier ho overtydande.
- Les også:
- Les også:
– Har kome i gang att
Elisabeth Nørve er ein av dei politikarane som verkeleg likar å drive valkamp. No skal ho ut og møte veljarane.
– Eg gler meg til å stå på stand og banke på dører. Eg likar å diskutere og møte folk, seier ho.
Mykje av energien kjem ho til å leggje i næringspolitikken. Ho har sjølv bakgrunn frå bankvesenet, og var med på å byggje opp elektrofirmaet saman med mannen sin.
– Vi dreiv butikk og kontor saman. Dette handla absolutt om verdiskaping og privat initiativ. Og Høgre sin politikk høver svært godt til det vi arbeidet vi var midt oppe i, seier ho.
- Les også:
– Ta vare på norskeigd næringsliv
Så pratar ho om gode rammevilkår for næringslivet. Ho snakkar om kor viktig det er at norske bedrifter kan konkurrere på like vilkår som utanlandske. Ho dreg fram lokale bedrifter som investerer år på år. Hennar reknestykke handlar om at dette fører til at dei må betale auka formuesskatt.
– Vi må ta vare på det norskeigde næringslivet og det må lønne seg med kreativitet og innovasjon, seier ho. Sjå på formuesskatten, seier ho engasjert. Norske bedrifter må betale, mens dei utanlandske som konkurrerer på same gatehjørne slepp unna. Og arveavgifta, seier ho, og medgir at no blir ho varm og engasjert. Den fører til at bedrifter blir selde til utlandet, heller enn å bli overført til nye generasjonar. Ho gestikulerer med armane og lener seg framover bordet når ho snakkar om dette. Dette er viktig for henne.
– Ein aktiv oppvekst i Mauseidvåg
Elisabeth Røbekk Nørve har alltid vore engasjert. Under oppveksten i Mauseidvåg på Sula var ho med på å starte kvinnehandballen i bygda. Etter kvart vart Mauseidvåg eit handballag som markerte seg på Sunnmøre.
– Vi var to jenter som gjekk til hovudstyret og spurte om vi fekk lov. Det var ikkje så innlysande at vi skulle få det. Fotballen og mennene styrte det meste den gongen, minnest ho.
Ho fortel om tøffe kampar på grus. Etter kvart kom det asfalt på skuleplassane rundt om. Så kom framveksten av store nok gymsalar og ein og annan idrettshall.
– Eg hugsar ein gruskamp i Fosnavågen. Vi tapte 23–0. Men vi jubla likevel. Resultatet førte til at vi unngjekk sisteplassen, seier ho og haukar. Vi hadde sydd draktene sjølve av krimpelinstoff vi hadde kjøpt. Det blei grøne drakter med kvite shorts og kragar.
– God opplæring i organisasjonsarbeid
Dermed strøymer minna på frå heimbygda i nabokommunen til Ålesund. Idrettslaget bygde forsamlingshuset Allheim, mellom anna av materiale frå Rønnebergbua som blei riven i Ålesund. Deler av dekketøyet kom frå gamle Hotell Noreg i Ålesund minnast ho.
– Det var mykje jobb, og god opplæring i det å drive organisasjonsarbeid. Eg spelte handball til eg fekk mitt førse barn. Ja, litt bedriftshandball blei det både i Ålesund og Porsgrunn. Der blei eg jammen omtrent pasient i ein beinhard bedriftskamp, hugsar ho brått. Minna strøymer på når ein er i mimrehumør.
– Skulenedlegging vekte meg
Med engasjementet frå idretten blei det naturleg for Elisabeth Røbekk Nørve å engasjere seg då dei hadde flytta til Larsgården, og det kom forslag om å leggje ned skulen som barna gjekk på.
– Det fekk meg til å vakne. Eg skreiv mitt første avisinnlegg då Ålesund kommune ville leggje ned Larsgården skole. Skulen blei redda, og denne saka tente meg.
– Litt etterpå kom ei ny sak eg var så imot. Det var bygginga av containerham på sydsida i Ålesund. Eg kunne ikkje fatte at nokon ville leggje ei slik hamn i det eg vurderte som indrefileten i Ålesund. Her burde det heller byggjast bustader, meinte eg.
Larsgården skole blei berga. Men det blei containerhamn i Skutvika. Elisabeth Nørve meiner likevel ho har vunne begge sakene.
– Etter kvart er mesteparten av containertrafikken flytta bak fjellet, til Flatholmen, der eg ville ha hamna heile tida. I desse sakene klarte eg ikkje å halde munn, og dermed såg eg at eg ville jobbe politisk.
– Høgrekvinnene gav oppbakking
På denne tida hadde Høgre ein eigen kvinnepolitisk organisasjon som heitte Høgrekvinnene. For Elisabeth Røbekk Nørve var dette ein viktig organisasjon. Her fekk kvinner god skolering i politisk arbeid.
– Eg likte ikkje at organisasjonen blei lagt ned. Her kunne vi byrje forsiktig og vi fekk oppbakking og støtte. Organisasjonen fungerte godt då. Men i dag er vel ungdommen, også jentene meir påkobla og aktive i politikken, seier ho.
Dei siste månadene har sjukdom sett henne på sidelinja. No er ho på veg inn att på banen.
– Det har vore tøft, også å stå på sidelinja. Ein lang periode klarte eg ikkje ein gong å lese aviser. No er eg på att. Og det var så godt å følgje med når utvidinga på Nyhamna med Aasta Hansteen-feltet blei vedteke. Eg var jo i si tid med på å kjempe for å få Ormen Lange til Møre og Romsdal, seier ho.
– Gjerne til næringskomiteen
Målet til Høgre er å få tre reprepresentantar frå Møre og Romsdal inn på Stortinget. Elisabeth Nørve står på andreplass på Høgre-lista. Dit kom ho etter ein tøff nominasjonskamp.
– Eg blir gjerne med i næringskomiteen igjen. Samferdsle og helse er også felt eg meir enn gjerne arbeider med.
– Du er oppteken av helsepolitikk?
– Der er mykje å gjere når det gjeld sjukehusa. Føretaksmodellen må endrast. Men dei som vil ha sjukehusa tilbake til fylkeskommunane må vere historielause. Folk må ikkje gløyme sjukehuskøane då fylkeskommunane eigde sjukehusa, seier ho.
Elisabeth Røbekk Nørve avsluttar med eitt av slagorda som Høgre har valt seg for dette valet.
– Vi vil rett og slett ha nye, raske og betre løysingar for landet vårt, seier ho, og er klar til å avslutte sjukmeldingsperioden og kaste seg inn i valkampen.