Stortingsrepresentant Svein Gjelseth si tid som leiar for styret i Tussa Kraft AS er etter alt å døme over frå mai av. Herøy kommune vil ikkje renominere Gjelseth til ein styreplass.

Torsdag før påske valde kommunestyret i Herøy Hilde Marie Brungot som kommunen sin kandidat til Tussa-styret. Herøy kommune har ein fast styreplass i Tussa, og denne plassen står på val når Tussa skal ha generalforsamling seinare i vår. Svein Gjelseth har denne styreplassen no. Gjelseth, som altså er leiar for Tussa-styret, hadde ikkje sagt frå seg attval. I kommunestyret røysta 20 for Brungot, som er kommunestyremedlem for Høgre i Herøy, medan tretten røysta for Gjelseth, som er stortingsrepresentant for Ap.

Generalforsamling

Det er altså generalforsamlinga i Tussa som vel styre, og såleis er det formelt generalforsamlinga som avgjer om Gjelseth får halde fram eller ikkje. Gjelseth har vore styreleiar i Tussa sidan 2002.

Men det har knapt skjedd at eigarane sine nominasjonar av styremedlemer har vorte oversett av valnemnda eller generalforsamlinga i Tussa.

I Ørsta har formannskapet nominert Inger Sundnes, kommunestyremedlem for Høgre, som ny styremedlem. Ørsta har ein av sine to faste styreplassar på val. Det er Signe Turid Barstad, Sp, som har dette styrevervet no.