Torsdag var det møte mellom Justiskomiteen og representantar frå Sunnmøre politidistrikt på Tussatun i Hovdebygda.

Politimeister Jon Steven Hasseldal og lensmennene i Ørsta og Volda, Guttorm Hagen og Jostein Vatne, rettleia om status og utfordringar i distriktet, med mellom anna Jan Bøhler (Ap), Andrè Oktay Dahl (H), Jenny Klinge (Sp) og Akhtar Chaudry (Sv) som tilhøyrarar.

Hasseldal var ikkje i tvil om kva han ville formidle til politikarane – Sunnmøre politidistrikt er ressursmessig sultefora.

Jumboplass

– Vi ligg heilt i botnen av 2010-tabellen, med ei bemanning på 1,13 politimann per 1.000 innbyggjarar. Det er lågast i landet, seier Hasseldal.

Og som om ikkje det var nok – utviklinga går i negativ retning.

– Folketalet auker fortare enn politistyrken. I fjor var vi avkutta med 1,06 politimann per 1.000 innbyggjarar. Denne trenden må ein klare å snu dersom ein skal kunne oppretthalde kvaliteten på arbeidet vårt.

- Må erkjenne

Justiskomiteen sine representantar  er klare på at det er verdifullt å få fyrstehands innsikt i problemstillingene, og seier dei må takast til høgare hald.

– Det er uheldig at politidistrikta har kome slik på etterskot. Fyrste skritt mot ei positiv utvikling er at regjeringa erkjenner problema og gjer grep. Når det er sagt, så er det mange andre distrikt som også slit med ressursane, seier Oktay Dahl.

– Tabellen viser at Sunnmøre ligg desidert sist, med 1,13 politimann per 1.000 innbyggjarar?

– Ja, men den modellen er nok klar for revidering. Problemet er likevel reelt, seier han.

Eins ærend

Representant Tove-Lise Torve (Ap) seier dei dei knappe ressursane på Sunnmøre var utslagsgjevande for kvar dei skulle leggje reiseruta.

– Det at vi kunne kome hit og diskutere problemstillingane på nært hald, var mykje av grunnen til at vi kom nettopp til Ørsta. Dette er jo eit stort distrikt, der ein ofte er avhengig av ferje for å kome seg rundt, og det krevjar sjølvsagt sitt av politiet, seier ho.

Oppgåvene

På møtet vart det også diskutert om det kunne vore ei løysing å lette politiet for enkelte oppgåver – som til dømes utlevering av pass.

Det meiner Jenny Klinge (Sp) er eit dårleg forslag.

– Eg tykkjer det er viktig at kjennskapen til politiet ikkje vert avgrensa berre til meldingar og lovbrot. Særleg for dei som kjem utanfrå er det viktig å byggje opp eit godt forhold til dei som skal ta hand om lova. Då skal ikkje ein undervurdere enkle tenestetilbod som til dømes utlevering av pass.

Les meir om saka i papiravisa laurdag.

F.v. Politimeister Jon Steven Hasseldal i Sunnmøre politidistrikt, lensmann i Volda, Jostein Vatne og lensmann i Ørsta, Guttorm Hagen. Foto: Ivar Lid Riise