Slik helsa avtroppande styreleiar Svein Gjelseth generalforsamlinga i Tussakonsernet fredag. Gjelseth fekk ikkje fornya tillit frå Herøy kommune, og takkar no av etter seksten år i styret, og elleve år som styreleiar.

Han vedgjekk at han gjerne skulle ha halde fram i styret, men innser at hans tid i Tussa no er over.

– Det har vore ei spennande tid, og like spennande vert det framover. Eg håper Tussa også framleis vil setje seg i førarsetet, og med begge hendene på rattet. Det gjer selskapet no i samband med omstruktureringa som er venta blant nettselskapa, sa Gjelseth.

Han takka og rosa administrasjonen med Elling Dybdal i spissen for samarbeidet.

– Elling er ein kreativ fyr, var attesten frå den avtroppande styreleiaren.

Også Signe Turid Barstad frå Ørsta og Ingrid Opedal frå Volda vart skifta ut. Opedal hadde denne erkjenninga.

– Eg har nok i kommunestyret i Volda site i for mange år og forslått gode tiltak finansiert med Tussa-pengar. No skjønar eg at Tussa må vere opptekne av eige hushald, sa Opedal.

Dessutan bad ho om at Tussa framover satsar vidare på utbygging av miljøvennleg og fornybar vasskraft . – Men veg det opp mot naturen. Han er det viktigaste vi har, både for innbyggjarane og for reiselivet.

Signe Turid Barstad takka også for seg, og ynskte det nye styret velkomen.

– Ta vare på medarbeidarane. Dei er dyktige. Dei gjorde ein formidabel innsats i samband med Dagmar, og i ein omstillingsprosess må Tussa også tenkje på medarbeidarane, sa Barstad.

Det nye styret i Tussa er slik: Petter Bjørdal, Inger Sundnes, Jon Georg Dale, Hilde Marie Brungot, Gunnar Gjørtz, Lars Erling Bjåstad Hovlid, Lena Nordal Vedeld og tre tilsetterepresentantar. Styret skal velje ny leiar.