“Olga” og andre brukarar kan nemleg få ein ny kvardag når Ørsta kommune over nyttår startar opp med kvardagsrehabilitering.

Og i staden for at “Olga” sit passiv i stolen sin medan heimesjukepleien vaskar og styrer og lagar mat i heimen hennar, kan "Olga"” i staden verte teken med aktivt i det ho kan klare å meistre. På den måten kan ho kanskje halde seg friskare, og ho kan kanskje bu lenger heime. Og kvardagen kan verte meir meiningsfull.

Ligg i tet

Ørsta kommune ligg heilt i tet i fylket når det gjeld satsing på kvardagsrehabilitering, og det er sett store voner til den utarbeidde Ørstamodellen. Han handlar om trening og tilrettelegging, og er eit samhandlingsprosjekt rundt førebygging og rehabilitering.

Ørsta kommune har late seg inspirere av rehabiliteringsprosjekt frå Fredericia i Danmark og Voss kommune.

Heimebuande

– Rehabiliteringa er for heimebuande som vil få tidleg “innblanding” og koordinert innsats og trening i daglege aktivitetar. Ein skal trene på tenestene før ein får dei, og ein skal tilrettelegge for best mogeleg deltaking og meistring gjennom eit tverrfagleg samarbeid.

Det fortel prosjektansvarleg Monica Gustavsen og Laila Bjørkedal som er einingsleiar for heimebasert omsorg og medlem i arbeidsgruppa bak prosjektet.

Dei gjer det klart at kvardagsrehabiliteringa i stor grad handlar om brukarmedverknad med fokus på ressursar og intensiv dagleg trening der brukaren må vere motivert.

– Dette er ein ny måte å tenke rehabilitering på. I staden for å sette inn hjelp etter som funksjonsevna vert redusert, vert det sett inn mykje treningsressursar i starten der målet er at brukaren i større grad skal klare seg sjølv, fortel Gustavsen og Bjørkedal.

Formålet kan vere at personen skal verte sjølvhjelpen eller klare seg med mindre hjelp, noko som er ein vinn-vinn-situasjon både for personen det gjeld på det personlege plan og for kommunen når det gjeld økonomien. Erfaringane i Danmark har vore positive på begge område.

Evaluert

– I Fredericia kommune vart prosjektet svært godt evaluert av involverte brukarar og personale. I alt vart 45.5 prosent av brukarane i prosjektet sjølvhjelpte, medan 39.5 prosent av bruskane klarte seg med mindre hjelp enn det dei søkte om, medan berre 15.3 prosent av brukarane vart avslutta utan målbar effekt. Økonomisk førte prosjektet til ei innsparing på 13.9 prosent, og prosjektet vert skildra som ein fagleg og økonomisk suksess, fortel Monica Gustavsen og Laila Bjørkedal.

Målsetjinga er at kvardagsrehabiliteringa skal innførast i heile kommunen i løpet av neste år. Førebels er ein på planleggingsstadiet og snart skal det tilsetjast folk i prosjektet.

– Dette er nytenking og det er grunn til å gje honnør til kommunen for den sterke satsinga på kvardagsrehabilitering, meiner Monica Gustavsen og Laila Bjørkedal.