I Sunnmørsposten torsdag sa Ap-politikar Svein Gjelseth at han ser på Eiksundtunnelen som ei pengemaskin som kan gjere det muleg å finansiere andre vegprosjekt i distriktet. I tillegg opna han for å byggje automatiske bomstasjonar i Volda-, Ørsta-, Ulstein- og Herøy-området. Han sa også at han har drøfta saka med ordførarane i Ørsta, Volda og Herøy.

– Ikkje hatt møte

Ordførarane i Ørsta og Volda nektar for at eit slikt forslag har vore teke opp som eit møte der dei har sagt seg samde med Gjelseth.

– Det kan ha vore nemnd i ein samtale i form av ein idé, men det har ikkje vore halde eit møte som eg har slutta meg til. Gjelseth som politikar kan få ha sine tankar, og det har vi respekt for. Men frå Ørsta si side har vi eit prinsippvedtak i kommunestyret om at vi kan gå med på å bompengefinansiere ein bypakke som inneheld Voldatunnel, Ørstafjordkryssing, gang- og sykkelveg og så vidare. Vi har på ingen måte sagt at vi kan behalde den eksisterande bommen. I Sunnmørsposten var det også nemnd tiltak i mange kommunar, men ingenting i Ørsta, seier Hovde.

Han understrekar at han har stor respekt for Svein Gjelseth som politikar, men at dette forslaget må han stå for sjølv.

– Ikkje samde

Heller ikkje Volda-ordførar Arild Iversen stiller seg bak forslaget om å innføre bomstasjonar i Ørsta og Volda for å finansiere ymse vegprosjekt, eller lengje nedbetalingstida på Eiksundsambandet.

– Gjelseth foreslår det, og eg har ingen kommentar til det anna enn at vi har ikkje kome så langt at vi har diskutert ei slik plassering, seier Iversen.

– Gjelseth hevdar han har diskutert saka med ordførarane i Ørsta og Volda?

– Det kan godt hende det har vore nemnd i ein samtale, men det har aldri vore slik at vi er samde i at det er ei god løysing, seier Volda-ordføraren.

– Frå Volda kommune si side har vi ikkje kome lenger enn at vi har gjort vedtak i kommunestyret om bompengefinansiering av Voldatunnelen. Vi har akseptert at når den kjem, skal bompengar vere ein del av løysinga. Men vi har ikkje kome så langt at vi vil diskutere plassering av bom. Det er ikkje eit tema for oss i dag.