- I denne prosessen er det fylka som skal snakke saman. Det vi kan risikere då, er at vi held fram med ein situasjon der over 20 forskjellige statlege etatar har grense mellom Volda og Hornindal, sa Volda-ordførar Jørgen Amdam til Stortingets kommunal- og forvaltningskomité, før han drog ein spøk om den lokale samanslåingsprosessen:

- Vi har innleia ein prosess om å slå oss saman, og får sjå korleis det går. Vi har litt problem med Ørsta for tida, men det er jo ikkje uvanleg for Volda, spøkte Amdam.

Geografi er viktigast

- Fylkeskommunane er opptekne av oppgåver, vi er opptekne av geografi. Ver klar over at når de no etablerer nye grenser, så vil det normalt vere for ein 20-30-års periode. Dagens grenser vart etablert på 1800-talet, vi får håpe det er lenge til neste gong dei blir endra. Oppgåvene er derimot meir dynamisk og kan endrast.

Amdam åtvara sterkt mot å etablere nye regionar som deler opp nye bu- og arbeidsmarknadsregionar. Han meiner Ørsta, Volda, Hornindal og Stryn utgjer ein slik region.

Den sunnmørske og vestlandske identiteten var også eit viktig poeng for Amdam.

- For å seie det rett ut: Sunnmøringar har problem med å bli trønderar.

- Det er jo litt opp til dykk om de vil bli trønderar «eller itt», svarte trønder saksordførar Andre N. Skjelstad (V).

Amdam oppmoda Stortinget om å innleie dialog med regionråd og kommunar, og ikkje berre med fylkeskommunane.

- Direktorata vil gjerne kvitte seg med oppgåver dei ikkje vil ha, medan dei interessante oppgåvene, som bør ligge nær folk, lett kan hamne i kjempedirektorat.

Vestlandsregion

Fylka Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane hadde felles innlegg under høyringa. Desse jobbar med å greie ut ein fusjon. Møre og Romsdal er inviterte inn i desse samtalen, men har takka nei. Høgres Ingjerd Schau var ein av dei som stilte spørsmål ved at Møre og Romsdal ikkje er med.

– Vi ønskjer at Møre og Romsdal skal vere med, men då må dei ville det sjølve, svarte fylkesordførar Anne Gine Hestetun (Ap) i Hordaland. Ho var elles svært oppteken av å få nye oppgåver til regionane.