Det seier styreleiar Svein Gjelseth etter generalforsamlinga i Tussa Kraft AS fredag.

Generalforsamlinga vart ikkje det rabaldermøtet mange venta og frykta. Det var mykje takka vere ordførar Rune Hovde, som tidleg under generalforsamlinga varsla at Ørsta som største eigar ville kome med framlegg som løyste floken kring utbyte som har vore i forkant av generalforsamlinga.

Generalforsamlinga godkjende rekneskapen til Tussakonsernet som viser eit resultat etter skatt på minus 16,5 millionar kroner. Samstundes vedtok generalforsamlinga at det i løpet av året skal haldast ei ekstraordinær generalforsamling der det skal delast ut utbyte. Utbytet vert på minimum 8.500 kroner per aksje. Det vil seie at Ørsta kommune får minimum 8,976 millionar kroner i utbyte. Då er det meininga at Tussa vil ta av eigenkapitalen for å betale utbyte, men viss Tussa-styret lukkast i å selje Tussa sin eigen aksjepost på 12,83 prosent i selskapet, kan utbytet verte større.

8.500 kroner per aksje

Løysinga kom i stand etter at Ørsta og Volda kommunar, som saman sit med over femti prosent i selskapet, på førehand hadde sondert terrenget med Tussa-styret. I desse sonderingane vart det klart at Tussa-styret ville akseptere eit visst utbyte – i staden for eit nullutbyte som fyrst vart vedteke. Kompromisset vart det minimum 8.500 kroner per aksje, samstundes som det er semje om at ein eventuell salssum frå salet av eigne aksjar skal kunne brukast til å auke utbytet til eigarane.

For Ørsta kommune sitt vedkomande er minimumssummen som det no er semje om like i underkant av halvparten av det som er budsjettert med i kommunebudsjettet.

– Vi må også vere villige til kompromiss. På den eine sida vil vi som kommune helst ha eit størst mogleg utbyte. På den andre sida må vi som største eigar i Tussa kjenne eit ansvar for at selskapet sine interesser vert teke vare på. Dette er eit kompromiss som sikkert verken Ørsta eller Tussa-styret er nøgde med. Då er det ei godt kompromiss, seier ordførar Rune Hovde.

Ørsta tydelege

Han tok luven av det meste av kritikken som var varsla med tidleg å klargjere Ørsta kommune si haldning. Tidleg under generalforsamlinga varsla han at han under saka om godkjenning av årsmelding og rekneskap ville kome med forslag til løysing.

Hovde heldt eit lengre innlegg under handsaminga av årsmeldinga og rekneskapen. Der gjekk han igjennom Ørsta kommune sine tankar for eigarskap.

– Ørsta kommune skal vere ein eigar som kjem med klare forventingar frå Tussa. Det må vi som ein aktiv eigar gjere, og det er også i Tussa si interesse. Utan slike klare forventingar, kan heller ikkje Ørsta vere i ein posisjon der vi kan kritisere selskapet, sa Hovde.

Dessutan signaliserte han at Ørsta for framtida vil vere nøye på styresamansetjinga.

Tussa-styret

– Tussa-styret må ha brei kompetanse, både frå næringsliv, finans og offentleg forvaltning. Ørsta vil verte viljuge til å akseptere at våre to styreplassar nødvendigvis ikkje skal vere fylte med folk frå Ørsta, men med folk som har den rette kompetansen, sa Hovde.

Etter at Hovde hadde halde sine innlegg, varsla fleire av dei eigarane som har vore kritiske i forkant av generalforsamlinga at dei ville trekkje planlagde forslag. Både Vanylven, Herøy og Hareid kommunar hadde nemleg klare forslag på at rekneskapen til Tussa måtte underkjennast, og at ei ny generalforsamling måte handsame utbytespørsmålet. Der ville kravet vere minimum ti tusen kroner per aksje.

Overraska

– Eg er positivt overraska over Ørsta sitt forslag, og eg er svært mykje samd med det Ørsta her signaliserer. Ikkje minst år det gjeld styresamansetjing. Det er noko Herøy har hevda lenge. Herøy støttar forslaget til Ørsta, sa ordførar Arnulf Goksøyr i Herøy. Goksøyr har stått fram som Tussa sin kanskje sterkaste kritikar.

Etter møtet sa ordførar Hovde seg nøgd med utfallet av generalforsamlinga overfor Møre-Nytt.

Største eigar

– Eg hadde to mål med denne generalforsamlinga. Det var å vise at Ørsta er største eigar, og at vi tek eigarskapen alvorleg, og det var å lande ei løysing for utbyte. Vi greidde å få til begge, seier Hovde.

Også Herøy-ordførar Goksøyr var nøgd.

– Eg vil takke Ørsta for godt arbeid. Det står enno mykje arbeid att. Eg har i fleire år hevda dette med styresamansetjing, som det no er semje om. Dessutan registrerer eg at styret har teke dei signala Herøy har kome med. Det er vilje til å selje eigne aksjar, installasjonsselskapet er skilt ut frå nettselskapet og eg meiner vi som eigarar no må gå igjennom eigarstrategien, og sjå nøye på kva Tussa skal drive med framover, seier Goksøyr.

Spisse drifta

Han er overtydd om at Tussa må spisse verksemda mot kraftproduksjon og det som høyrer til, og avslutte engasjementa i område som ikkje er direkte retta mot dette. – Eg er også godt nøgd med atr Tuss ahar gjort ein stor insats for å byggje ut breibandkapasitet, men ein treng ikkje å halde på med sal av pc-ar for det, seier Goksøyr.

Herøy-ordførar Arnulf Goksøyr meiner Tussa må selje ut selskap som ikkje direkte har med kraftproduksjon å gjere.
Ørsta og Volda har vist stort eigarskap, seier styreleiar Svein Gjelseth i Tussa, flankert av ordførar Arild Iversen i Volda og Rune Hovde i Ørsta.