Hensikta med besøket er å gje informasjon og rettleiing om det som kan ha betydning for eiga helse og livssituasjon. Tema for samtalene kan m.a. vere aldring, bustad, sosialt nettverk, fysisk aktivitet, kosthald, førebygging av brann og fallulykker.

– Vi vil også gje informasjon om kommunale og frivillige teneste og tilbod, seier ergoterapeut Lillian Sætre som saman med Randi Nilsen, Monica Gustavsen, Laila Sæbønes, Annlaug Roth og Janneche Myklebust snart er klare til å reise ut til seniorane i Ørsta kommune.

Alle som fyller 80 år i år i kommunen som ikkje har kommunale helsetenester frå før, vil få brev om tilbodet, og det er opp til kvar enkelt om dei vil ta imot besøk eller ikkje. Besøket varar om lag ein time, og dei som kjem på besøk er underlagt teieplikt.

– Du treng ikkje å ha problem i kvardagen for å ha glede av besøket, og vi skal ikkje kartlegge eller inspisere heimen til folk.

Dei som vel å takke ja til besøk vil få besøk av ein ergoterapeut, sjukepleiar eller hjelpepleiar. Alle som står bak tilbodet har vore på kurs, og fått høyre erfaringane frå liknande tilbod i andre kommunar.

– Desse besøka er også eit ledd i samhandlingsreforma der vi skal satse på førebyggande helsearbeid, seier Gustavsen.

For Ørsta kommune er dette andre gang at eit slikt tilbod går ut til seniorane. I fjor gjekk tilbodet ut til dei som fylte 75 år, og tilbakemeldingane var gode.

– I fjor gjekk tilbodet ut til dei som fylte 75 år, og tilbakemeldingane var gode. Vi har von om at endå fleire takkar ja til besøk i år når vi har endra til 80 år.

Målet med samtalene er å setje i gang refleksjon, gjere ein helsefremjande innsats, bidra til tryggleik, i tillegg til å gje informasjon og kjenne til moglegheiter.

– Om dei vi besøker har spørsmål som dei sitt inne med rundt t.d. tilbod på tenester vil vi prøve å rettleie dei. Gjennom samtalene vil vi gje ein del informasjon og høyre om det er spesielle ting som seniorane er opptekne av. Dette tilbodet handlar om å bevisstgjere ressursane som seniorane har og halde helsa ved like.